Korpsrørsla er i stadig utvikling, og med utvikling følger gjerne forsking og anna fagutviklande arbeid.

Denne hausten har fire masterstudentar publisert masteroppgåver med tematikk frå korpsverda. Tre av dei studerte ved Norges musikkhøgskole, og ein ved Høgskulen på Vestlandet, fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.

Konkurransar
Pål André Grimstad Worren kjem frå Hareid på Sunnmøre, men har i lang tid budd og studert i Oslo. Han har virka som korpsmusikant og seinare også dirigent frå han var liten, og mange vil også kjenne han som konferansier ved ei rekke korpsarrangement.
Oppgåva «Om vi vinner får vi Pizza»- ei kvalitativ studie som tek for seg korleis ein bruker og kan bruke konkurransar som ein del av det faglege og pedagogiske opplegget i skulekorps, og diskuterer kva innverknad dette kan ha på korpset.
Lenke til oppgåva:
https://nmh.brage.unit.no/nmh-xmlui/handle/11250/2687106

Repertoar
Anna Kirstine Aarsland er frå Frøyland på Jæren, og er også oppvaksen i korpsrørsla. I Oslo har ho studert og arbeidd sidan 2012. Hennar masteroppgåve har tittelen «Og så skal det være god musikk» og er ei diskursanalyse av dei forståingane skulekorpsdirigentar og forlag har av kva som er «et godt skulekorpsrepertoar».
Lenke til oppgåva:
https://nmh.brage.unit.no/nmh-xmlui/handle/11250/2687147

Dirigentrolla
Magnus Johnsen Sandåg
er ein korpsdirigent og kulturskolelærar frå Bodø, men bur og jobber no i Porsgrunn. Har skrive oppgåva «Profesjonsforståelser hos skolekorpsdirigenter», der han gjennom intervju med 10 skulekorpsdirigenter ser på haldningane som finst i dette feltet til dirigentyrket som profesjon.
Lenke til opgåva:
https://nmh.brage.unit.no/nmh-xmlui/handle/11250/2687523


Foreldremedvirkning

Torunn Elisabeth Bachmann, skulekorpsdirigent i Alver kommune har skrive oppgåva «Å finne en balanse». I oppgåva ser ho på korleis foreldre kan medvirke i egne barns begynneropplæring i skulekorps, og samarbeidsformer mellom foreldra og skulekorpsdirigenten i høve til dette.
Lenke til opgåva:
https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/handle/11250/2660840