Fredrick Schjelderup har komponert «Festive Fireworks» til Ytrebygda Skolekorps sitt hovudkorps i 1. divisjon. Dette er ein hyllest til utviklinga av korpset dei siste 3-4 åra der dei har klatra frå 3. divisjon til å vinne 1. divisjon, som førte til EM-deltaking i 2015.

– «Festive Fireworks»  er skrive i tre satsar og er basert på eit stykke som eg skreiv då eg gjekk på Manger Folkehøgskule i 2009-2010, seier komponist Fredrick Schjelderup.

Den fyrste satsen i komposisjonen er kalla «Festivitas» og Ytrebygda skolekorps frå Bergen framførde det i haust. Dirigent Thor-Arne Pedersen la inn ei bestilling, og bad komponisten bygge vidare på den fyrste satsen.

– Stykket er veldig lett å kjenne igjen, litt typisk brass-stykke, eller «brassete», om det er noko som heiter det, seier Fredrick.

Bli med i fotokonkurransen på Instagram.

Fredrick Schjelderup har komponert nytt verk til Ytrebygda skolekorps og dirigerer to korps i NM brass.

Fredrick Schjelderup har komponert nytt verk til Ytrebygda skolekorps og dirigerer to korps i NM brass.

– Er det eit vinnarstykke?

– Ja, det inneheld alt frå tekniske virtuose løp, rolege melodiske linjer så vel som storslåtte tutti parti. Korpset blir utfordra på klangbehandling, og solistar får vist seg fram. For meg handlar det om at heile bandet får vist seg frå alle sider.

Les: Ingen NM-helg uten spennende utstillere

Gledeleg med nye verk

Musikksjef i NMF, Harald Eikaas meiner det er viktig med nytt repertoar.

– Det er svært gledeleg at det blir komponert nytt repertoar tilpassa skulekorpsa sitt nivå. Konsertrepertoaret blir ofte utvikla til profesjonelle, i vårt tilfelle på toppkorpsa sine premiss. I mange år har vi hatt fin utvikling på store konsertverk. Det mindre formatet, verk på mellom 5 og 10 minuttar tilpassa skulekorpsa, har det vore mindre merksemd rundt. Vi treng repertoarutvikling over eit bredt spekter og for fleire nivå.

Det er svært gledeleg at det blir komponert nytt repertoar tilpassa skulekorpsa sitt nivå, Harald

Dirigerer også

I tillegg til å komponere nytt verkt, dirigerer Schjelderup to korps under NM skolekorps brass, Hellen Skoles Musikkorps (2. div) og mellomkorpset frå Ytrebygda Skolekorps (3. div). Til sistnemnde har han arrangert «Underlige Aftenlufte» av C. Nielsen og lagt til rette utdrag frå «Space Chords».

Viktig helg for korpsa

Den siste veka før konkurranse er det full konsentrasjon og øving. NM-helga er viktig som avslutning på korpsåret, men er også den mest prestisjefulle konkurransen.

– Eg gler meg veldig. Denne helga er viktig for korpsa. Det er ein sosial tur samtidig som nivået i korpsa hevar seg vanvittig fram mot konkurransen. Dette triggar alle, seier Schjelderup.

– Kvar hentar du inspirasjon frå?

– Det kjem an på stykke og kva bestillinga er. Nokon gongar er det meir moderne, og utfordrar både musikarane og korleis eg jobbar. Denne gongen var bestillinga klar. Dei to siste satsane skulle stå i stil til den fyrste satsen. Det har vore artig og utfordrande. Det har gått litt tid sidan den fyrste satsen vart skriven, og mykje har skjedd for meg som komponist i mellomtida.

NM-program Stavanger

Les: Snart brakar det laust

Schjelderup er utdanna komponist frå Griegakademiet i Bergen. Han dirigerer tre korps til vanleg og spelar slagverk i elitekorpset Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

– Kva likar du best, å dirigere eller komponere?

– Det er artig begge deler, men to ulike måtar å utrykke seg på. Å komponere; då har eg skapt noko. Å dirigere; då skaper eg noko undervegs. Det er fasinerande å gje frå seg ein komposisjon og høyre etterpå korleis stykket blir tolka. Eg har tenkt noko med komposisjonen, men det dukkar alltid opp overraskingar, seier han.

Det er fasinerande å gje frå seg ein komposisjon og høyre etterpå korleis stykket blir tolka, Fredrick

Schjelderup arrangerte og komponert stykket “Kind of Deja Vu” til Søreide og Sandsli sitt mellomkorps i 2015. Dei har bytta namn til Ytrebygda Skolekorps.

Ytrebygda skolekorps (1.div) er på scena kl. 14.50 under leiing av Thor-Arne Pedersen.

Hellen Skoles Musikkorps frå Hordaland med Fredrick Schjelderup som dirigent spelar utdrag fra «Vitae Aeternum» av Paul Lovatt Cooper og «Patterns» av Edward Gregson kl.10.40.

Meir nytt repertoar

Førre Musikkorps (1.div) frå Rogaland spelar også nytt repertoar. Dei har øvd inn The Dordistone av Simon Dobson i høve NM skolekorps brass 2016. Dirigent er Martin Kinn og dei går på scena kl. 15.10.

Samarbeidskorpset Sotra Vest og Ulveset spelar ny musikk av Torstein Aagaard-Nilsen. Han har komponert «Punkfantasi». Desse spelar som fyrste korps ut laurdag kl. 0900 med dirigent Andreas Lien Røe.

Tjuvlytta på musikken

Musikksjefen har alt tjuvlytta på eitt av dei nye verka og reknar med det fell i smak hos både skule- og vaksenkorps.

– Eg håpar verka blir spelt ved seinare høve, anten på vanlege konsertar eller i konkurransesamanheng, seier Eikaas.

Harald Eikaas er ny musikksjef i NMF

Nytt repertoar er viktig, meiner Harald Eikaas som er musikksjef i NMF.

Urframføring under NM gir verket ein ekstra fordel ved at korpsa møter ekstra godt førebudd og har øvd detaljer gjennom lengre tid. Slik ligg tilhøva godt til rette for at komposisjonane får den framføringa dei fortener.

– Eg vil gratulere komponistane med nye verk og ser fram til urframføringane under NM, seier Eikaas.

Les: Ingen NM-helg uten spennende utstillere