Hordablæsten

74 korps, 118 ensemble, 370 solistar og 250 aspirantar er påmeldt til årets konkurranse Hordablæsten i Bergen. Dette er om lag det same som rekordpåmeldinga dei to siste åra.

– Dette viser at konkurransen har stabilisert seg som ein av dei største i Norge, seier dagleg leiar i NMF Hordaland, Randi Kvinge.

Tre korps frå Nordhordland stiller som teknisk arrangør og har ansvaret for planlegging og gjennomføring. Dei har ein heil dugnadsgjeng i sving alle dagane. Dei tre er Manger Musikklag, Manger skulemusikklag og Sæbø skulemusikklag.

Nytt av året er informasjon via ein app i Apple Store. Informasjon på papir blir også tilgjengeleg.

Konsert – miljøskapar – solistpris

Hordaland Ungdomskorps spelar under festkonserten søndag kveld med dirigent Arvid Anthun. I tillegg blir «Årets miljøskaper 2015 Hordaland» kåra og Årstad Musikkorps deler ut solistpris saman med NMF Hordaland.

Hordablæsten 2016

Nordvesten Møre og Romsdal

I Nordvest samlast skule- og generasjonskorps, i alt 20 korps til konkurranse, eller rundt 500 musikantar. Det er langt fleire enn tidlegare år. Teknisk arrangør er Tomra Ørskog Festival, med Tomra Brass Band i spissen som parallelt arrangerer konkurranse for 12 vaksenkorps i idrettshallen.

– Det er superkjekt at vi er så mange i år, seier Ingrid Sofie Nygaard dagleg leiar i NMF Nordvest. Vi har innleia eit samarbeid med Tomra Ørskog Festival og i år samlast alle same helga i same hus, i Gomerhuset på Skodje. Det trur ho er fruktbart.

Medaljar

Alle deltakarane i skule- og generasjonskorpskonkurransen får tilbod om konkurransemedaljar i år, som eit synleg bevis på deltaking.

– I dei andre regionane har borna tatt i mot medaljen med stor glede.

113 aspirantar

Nytt i Nordvestmesterskapen i år er at dei 113 aspirantane også får bli med og vise seg fram.

– Vi tilbyr eit eige aspirantseminar inkludert i påmeldingsavgifta til korpset. Dette gler vi oss veldig til, seier Nygaard og legg til at det er festkonsert med Tomra Brassband med gjestesolistar laurdag kveld.

Nordvesten Møre og Romsdal 2016