PULSE-deltakarane godt i gang
Både PULSE-teamet i Norge og PULSE-teamet i Sør-Afrika er godt igang med utvekslingsåret.
Team Sør-Afrika
I Sør-Afrika har teamet vore på besøk til nyoppstarta field bands i Northern Cape. Field Band Foundation har kunne starte opp korpsa på bakgrunn av donasjonar frå det norske solenergiselskapet Scatec Solar ASA. (Selskapet har base fleire stader i verda, blant anna i Sør-Afrika.)
Etter besøket i Northern Cape skriv dei blant anna:
– Det er fantastisk for oss nye i PULSE-teamet å sjå korps i aksjon og oppleve korleis dei samhandlar med lokalmiljøet i ulike byar. Dette opplever vi som ei svært suksessfull helg og ein positiv måte å presentere korps i lokalsamfunnet. Vi vil arbeide tettare med desse og andre field bands i området frå januar 2016.
Les blogginlegget til Team Sør-Afrika.
Team Norge
I Norge held teamet til på Toneheim Folkehøgskole på Hamar. Sist veke var dei samla for fyrste gong. Her møter dei blant andre musikkelevar som kan bli dei framtidige lærarar og korpsdirigentar.
– Vi fokuserer på å utvikle leiareigenskapar, mestring og sjølvfølelse for ungdom som kjem frå vanskelegstilte område. PULS meiner dette vil skape positive, aktive og sunne lokalsamfunn.
I tillegg fortel dei på bloggen:
– Vi fekk høve til å lære folkehøgskuleelevane Sør-Afrikans leik og ein populær song som blir kalla Shosholoza – som betyr «bevege framover». Og vi snakka om, og viste kva metodar vi brukar når vi jobbar med musikk, dans og integrering i Sør-Afrika.
Les blogginnlegget til Team Norge
På Pulsestrongertogether kan du lese alle bloggpostane.