Tettare samarbeid

– FBF og NMF skal jobbe tettare saman som organisasjonar. For å få det til må vi alle tenke på ein ny måte. Blant anna må vi involvere fleire tilsette i begge organisasjonane, auke informasjonsflyten og  styrke relasjonane.

Det fortel Solvor Vermeer som har bakgrunn frå band og har jobba i ei rekkje ungdomstiltak i Oslo. Ho var med i PULSE-prosjektet frå 2015-2017 og var med i programmet i 2020 då ho var stasjonert i Sør-Afrika. No har ho fått ein glidande overgang til heimekontor i PULSE 2021.

Ho og Ingrid Thorstensen er to av fire i Norges PULSE 2021. Dei to andre, Sofia Mahan og Nicholas Bahrawy er heilt nye i prosjektet. Sofia har ein musikalsk grunnkompetanse frå England og Sverige med erfaring frå undervisning i kulturskule og korps. I tillegg speler ho i Stavanger Brass Band. Nicholas er utdanna innan digital kultur med spisskompetanse innan digitalisering, digital arkitektur, interoperabilitet og digital transformasjon. Fagkunnskap som er viktig i teamet som skal jobbe digitalt.

Uendra Sør-Afrika-team

Teamet I Sør-Afrika er uendra frå siste utvekslingsrunde då dei var I Norge. Dei fire er: Nomkhosi Mnisi, Jacob Mhlapeng, Khaya Benela og Tebogo Ntshole. Dette teamet er samla i Johannesburg der dei har FBFs hovudkontor som arbeidsstad.

– Kva er den store forskjellen med utvekslingsprogrammet no mot tidlegare?

– At vi ikkje reiser nokon plass, men jobbar digitalt. Vi samarbeider på tvers av teama i nord og sør. Pandemien har ført til at vi ikkje kan utveksle fysisk mellom Norge og Sør-Afrika, og at vi heller ikkje har nokon reiseverksemd i landet vi er i, seier Solvor.

Må tenke nytt

Og det fører sjølvsagt til mange utfordringar. Men med fokus på løysingar og andre måtar å tenke på, gir det oss nye sjansar.

– I år kunne vi for eksempel tilsette den kompetansen prosjektet treng utan å vere avhengig av at søkjaren måtte flytte for eit år. I år sit vi i tillegg i ulike byar i Norge. Den bråe endringa i prosjektet utfordrar oss. Vi må finne gode løysingar for e-læring/digitalisering av store deler av undervisninga. Det har lenge vore eit mål i prosjektet og endringsprosessen har vi kome langt med i 2020 og no i 2021. Så trass i pandemien har vi no tettare kontakt med både FBF og NMF. Dermed er det lettare å sjå kor og korleis vi kan dele kunnskap og metodar, seier Solvor.

Aktivitetsbiblioteket – eit nyttig hjelpemiddel

Aktivitetsbiblioteket vart starta i 2015 for å kunne dele gode kreative og nyttige aktivitetar i korps, både musikalsk og «life skills»/livsmestringsopplæring som icebreakers/bli-kjent-leikar, teambuilders og oppvarmingsøvingar, men dei har ikkje vore godt nok organisert. Med aktivitetsbiblioteket vil PULSE lage ein «bank» med videoar og tips som lærarane/instruktørane kan hente idear og inspirasjon frå på Youtube.

– Forhåpentlegvis kan vi etter kvart lage videoar frå Norge med nye aktivitetar som kan brukast både her og i Sør-Afrika, seier Ingrid Thorstensen. Ho har vore to periodar i Sør-Afrika og tatt inn i prosjektet på deltid i fjor, og fått fornya denne stillinga i 2021. Ingrid er utdanna musikkterapeut og har bakgrunnen sin frå korps i Trøndelag. Ho har god erfaring frå studium og jobb i utlandet og meiner korpsarbeid er universelt.

Skape speleglede og musikalsk grunnmur

– Samhald i korpsrørsla er ganske universelt og ikkje avhengig av land. Som instruktør og dirigent synest eg det aller viktigaste eg gjer er å skape speleglede og gode basiskunnskapar som ein solid grunnmur musikanten kan bygge vidare på i sitt musikalske liv.

God måte å jobbe på

Å jobbe frå heimekontor i Norge som eitt team saman med dei fire i Sør-Afrika er sjølvsagt veldig annleis og ein heilt annan arbeidskvardag enn tidlegare. No må arbeidsoppgåvene bli løyst på tvers og på ein heilt annleis måte enn før.

– Dette er ein spennande og god måte å jobbe på, seier nasjonal konsulent i NMF Silvelin Havnevik. Det gjeld for begge organisasjonane. Det er utfordrande å jobbe digitalt, men vi må tenke nytt og eg meiner det har vi klart. Samarbeidet så langt har styrka oss som organisasjon, begge vegar. Trass i pandemien har vi gjort tiltak for å bli betre saman.

Fokus mot leiarar og lærarar

PULSE-deltakarane jobbar ikkje direkte mot korpsmedlemmer, men mot lærarane/dirigentane/leiarane i korps/band.

– I fjor nådde vi ut til alle tilsette i FBF gjennom ein virtuell workshop som vi hadde med eit og eit regions-team. Det same skal vi gjere i år. Vi planlegg ei hybrid-løysing der digitale møtepunkt blir følgt opp av PULSE-deltakarar i Sør-Afrika som skal reise rundt og besøke banda/korpsa. Dette kjem sjølvsagt an på smittetrykk og retningslinjer i dei aktuelle områda, seier Solvor.

20 års partnerskap

Field Band Foundation og Norges Musikkorps Forbund feirer 20 års partnerskap i år. Gjennom Norec, Norsk Senter for Utvekslingssamarbeid, har organisasjonane utveksla lærarar mellom Norge og Sør-Afrika sidan 2001 og delt kunnskap, metodar og innsikt i korleis inkludere menneske gjennom musikken.

– Vi er sterkast saman!

 

Følg med på bloggen til PULSE-teamet.