– Konferansen er meint å vere ei vitamininnsprøyting til styremedlemmer i korps for at dei skal få ein kickstart på styrekarriera si, fortel dagleg leiar i NMF Sør, Finn Arne Dahl Hansen.

Deltakarar til den årlege kick-off-konferansen i Kragerø har vore med tidlegare og kjem frå eigen region (NMF Sør). Men i år er det også mange nye deltakarar, også frå NMF Øst (Buskerud, Oslo, Østfold og Akershus). Fleire korps har meldt seg på med heile styret og kanskje til og med nokre potensielle kandidatar. Det er størst påmelding på kurs for styre/tillitsvalde skulekorps.

Kragerøkonferansen 2016

Kragerøkonferansen – ein pangstart

Østre Halsen skolekorps kjem med heile ni representantar. Helene Naper er leiar for Larvik-korpset og forklarer at korpset har hatt stor utskifting i år.

– Vi varsla tidleg at vi hadde behov for nye i styret og dersom nokon meldte seg til verv, skulle dei få reise på Kragerøkonferansen. Vi meiner det vil lette arbeidet å få «input» og gje dei ein pangstart. Tidlegare har dirigentane reist, men no er det styret som skal få kompetanseheving, seier Naper.

Vi varsla at vi hadde behov for nye i styret og interesserte skulle få reise på Kragerøkonferansen, Helene Naper

«Girl power»

– Vi er ni damer som reiser og gler oss veldig, men ho stiller likevel eit lite spørsmålsteikn ved kor alle mannfolka er…

Men dei som reiser har forventningar til konferansen.

– Vi blir så mange at vi vil få med oss alle foredraga og ønskjer å rekke over alt. Det vi treng å jobbe med er å sikre rekruttering. Østre Halsen skolekorps er i dag 82 medlemmer fordelt på aspirant-, junior- og hovudkorps. Dei har 90-årsjubileum i år og økonomien er god. Det er planlagt jubileumstur til Spania, og utfordringa framover for korpset er å skape engasjement utover familie og venner som kan oppdage at korps er meir enn marsjering i gatene.

Drift av korpset

– For min del som leiar håpar eg å få vite korleis drive eit styre, få engasjerte foreldre, skape eldsjeler som kan brenne litt. Det er for mange som leverer og hentar og blir reine transportørane i staden for å delta og vere til stades, kanskje for ein som treng å bli sett. Dessutan treng vi å bli kjent med NMF sine tilbod og verktøy, og lære og bruke dei.

Gode musikalsk

Styreleiaren legg til at Østre Halsen skolekorps spelar kjempebra.

– Vi burde fått fleire oppdrag så fleire enn foreldre og besteforeldre fekk høyre kor flott musikk som blir framført!

«Frivillig i korps – deilig galskap»

Kragerøkonferansen opnar med Morten Hageviks foredrag: «Frivillig i korps – deilig galskap». Morten er utdanna musikar og musikkpedagog, men har hatt mange roller i norsk kulturliv, både profesjonelt og som frivilleg.

Morten sjølv gler seg til konferansen og lettar litt på innhaldet i foredraget sitt.

– Det eg skal snakke om er oppveksten min i korps, korleis den har vore med å forme meg som menneske og dei val eg har gjort. Og kor viktig engasjementet frå foreldre, frivillige, instruktørar, dirigentar og leiarar var i mitt liv.

Dette trur eg blir ein flying start på konferansen, Finn Arne Dahl Hansen

Korps betyr mykje i samfunnet

Men korps har også ein samfunnsøkonomisk betydning. Alle loppemarknadene, turane, det frivillige arbeidet har stor betydning for samfunnet. Så frå eit personleg standpunkt vil han trekkje linjer til samfunnet og vise at korpsmiljøet påverkar, gir retning, gir tilbake og betyr mykje.

– Mi erfaring er at engasjerte frivillige og alle som jobbar med korps og frivilligheit har godt av å bli minna om at dette arbeidet er veldig viktig, seier Hagevik.

– Dette trur eg blir ein flying start på konferansen, seier Dahl Hansen.

Mange foredragshaldarar

Konferansen er elles fylt opp med spennande foredragshaldarar som Eirik Rastad (skal bl.a snakke om korleis få auka merksemd til korpset), Robert Solberg Nilsen (var med i NMFs dirigentnettverk) og Scott Rogers, konsertsjef i Rikskonsertane.

Dirigent Bjørn Sagstad pregar programmet for dirigentane, men han skal også halde foredrag for dei tillitsvalde og Birgitte Grong, musikkonsulent i NMF Sør skal snakke om rekruttering til styra på konferansen.

I tillegg kjem Grenland brass for å dele erfaringar etter å ha gjennomført NMFs toårige veiledarprogram «Bli bedre, få det bedre» og Oddernes skolekorps som har jobba målretta og hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra, både musikalsk og i talet på medlemmer.

Her kan du laste ned heile programmet.