Fra Time Kommune:

Me søkjer etter ny dirigent ved Rosseland skulekorps

Dirigentstillinga er ledig frå 01.08.18. Stillinga inneheld dirgentteneste med musikalsk ansvar for heile skulekorpset.

Stillingstorleiken kan evt. aukast med noko ekstra instrumentalopplæring på messing.

Skulekorpset har øvingane på Rosseland skule, sentrumsnært på Bryne. Øvingsdagar pr. idag er tirsdag og torsdag.

Me søkjer deg som har relevant utdanning frå høgskule/universitet og som har entusiasme for korps. Det er ønskeleg

med erfaring frå arbeid med barn/unge, samt gode samarbeidsevner med både barn, føresette, styre og kulturskule.

Dirigentane for skulekorps i Time kommune har kollegafellesskap og fagnettverk i kulturskulen.

Det er krav om politiattest til stillinga.

Søkjar som ikkje har norsk som sitt morsmål må beherske norsk språk, både munnleg og skriftleg. Språknivå blir

vektlagt i tilsettingsprosessen.

 

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du

ta med til eit eventuelt intervju.

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt

offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

 

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder,

kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

 

 

Søknadsfrist    06.06.2018                                 Utlyst dato        23.05.2018                           Vårref                  1136

Lenke til søknadsskjema

Kontaktperson

Astrid Fjeld, Rektor, tlf: 51776409, mobil: 48293505, astrid.fjeld@time.kommune.no