«Veien fra aspirant til profesjonell musiker» er beskrivelsen på samarbeidsprosjektet skulekorps har med forsvarskorpsa i Musikkorpsenes år 2018. Begge jubilerer. NMF fyller 100 år og forsvarskorpsa 200 år.

Halden, Brygga Kulturhus

Denne veka er det konsert i Brygga Kulturhus i Halden torsdag 25. oktober.

– Dette blir ein stor happening, for både musikantar, musikarar og publikum. Det blir marsjar, latinorytmer og det heile blir avslutta med eit felles stykke med 140 musikantar og musikarar på scena, seier dagleg leiar i NMF Øst, Thor Olav Fjellhøi.

Elisabeth Birkenes Lasken (15) og Sebastian Skammelsrud Madsen (18) frå Halden skolemusikkorps har øvd godt og mykje før konserten. Det er fyrste gong dei spelar med profesjonelle.

– Vi gler oss veldig og har førebudd oss godt med mange ekstraøvingar for å bli så trygge som mulig, seier dei to ungdommane til Halden Arbeiderblad (HA). Også Idd skolekorps deltar på konserten.

Øving før konsert saman med Stabsmusikken i Brygga Kulturhus, Halden. Foto: Jon Rongen.

Øving før konsert saman med Stabsmusikken i Brygga Kulturhus, Halden. Foto: Jon Rongen.

Ein av saxsofonistane, løytnant Lars Petter Bjerkeset hugsar kor stor påverknad profesjonelle musikantar hadde på han sjølv som ung.

– Eg skjerpa meg og øvde litt ekstra før samarbeidskonsertar med eldre musikantar, og vi i stabsmusikken håpar å ha same effekt på musikantane i skulekorpset, fortel han til avisa.

Seks korps i Skien/Ibsenhuset

Torsdag er det også konsert i Skien/Ibsenhuset. NMF Sør markerer Musikkorpsenes år saman med Kongelige Norske Marines Musikkorps. Seks skulekorps deltar; Skiens Skolemusikk, Skotfoss Skolemusikk, Gulset Skolemusikk, Gimsøy Skolemusikk, Gjerpen Skolekorps, Klyve Skolekorps. Solistar er Stella Hermansen på tuba og Henrik Aarnes som dirigent.

Dette blir ei festforestilling utanom det vanlege, ein kveld der dei yngste musikantane står i fokus. Aspirantane får spele med Marinemusikken og får spele saman i eit nyskrive stykke komponert av Haakon Esplo.

Sjå Facebook-event

Tønsberg/Oseberg

Fredag står Tønsberg for tur i Oseberg kulturhus med tre korps frå området; Eik og Klokkeråsen Skoleorkester, Volden og Ringshaug Skolekorps, Søndre Slagen Skolekorps. Solistar er Jazmmin Szurcsik (8) på klarinett og drømmestipendvinnar Johanne Dahl Hanssen på trompet.

Også her får aspirantane spele med Marinemusikken og skal spele saman i det nyskrive stykke komponert av musikar, tryllekunstnar og buktalar Haakon Esplo, som også er konferansier på konserten.

Sjå Facebook-event

Kristiansand/Kilden

Søndag 28. oktober kjem Marinemusikken til Kristiansand/Kilden konserthus. Her deltar seks korps; Grim Skolemusikkorps, Kristiansand Skoles Musikkorps, Møvig og Sjøstrand Skoles Musikkorps, Oddernes Skolemusikkorps, Randesund Skolemusikk, Vågsbygd Skolemusikkorps.

Konserten i Kristiansand er også festkonsert for Regionmesterskapet, og August Schieldrop er solist på tuba.

Sjøforsvaret og Hærens musikkorps på skulebesøk

Sjøforsvarets musikkorps, SFMK har også spelt med skulekorps på Vestlandet og besøkt skular både i Hordaland og Rogaland. Hærens musikkorps har besøkt Nord-Norge. Desse konsertane vart gjennomført tidlegare i haust.

Profesjonelle har også vore aspirantar

Dei fleste profesjonelle musikarar i forsvarsmusikken har bakgrunnen sin frå skulekorpset. Dei har alle vore aspirantar ein gong.

– På skulekonsertar som forsvarsmusikarane har hatt saman med korpset får vi vist fram musikantane i skulekorpset. Vi håpar dette gir meirsmak, gjer musikantane stolte og aukar rekrutteringa til korps, seier Beate G. Holmefjord i NMF.

Vi håpar dette gir meirsmak, gjer musikantane stolte og aukar rekrutteringa til korps