Vi har bak oss ein strålande korpssesong, med ei lang rekke høgdepunkt. I desse dagar florerer det av korpsturar, festivalar og stemner, og sjølv har eg nett fått oppleva eit fantastisk NM for skulekorps. Vi kan trygt slå fast at det vert vist eit imponerande nivå av dei unge musikantane og drillarane som skal ta NMF inn i framtida.

Men først er det altså sommarferie. Kanskje er det nokon som tar litt øvingsfri? Eit par-tre dagar?

Men; sommaren er også høgsesong for tusenvis av musikantar – sommarkurs!! Flotte opplevingar, ny kunnskap, nye venner, gangsperr og såre lepper – sommarens desiderte høgdepunkt. Deretter er det oppstart av ny sesong, og mange korps nyt godt av musikantar som kjem tilbake proppfulle av ny inspirasjon. Takk til alle dei som står på for at musikantane får den fine opplevinga!!

Til de tillitsvalde som no er/skal i gang med planlegging av neste sesong; bruk gjerne litt tid i sommar på å surfa litt rundt på NMF sine nettsider. Der kan du finna mange gode tips, enten planane gjeld hovudkorpset eller aspirantane.

Tillitsvalde og vi som jobbar i NMF er kjempestolte av korpsa våre, og vi gler oss allereie til alle dei flotte musikk- og drillopplevingane vi skal få i sesongen 2015-16. Vi legg merke til at det stadig vert meir sant; ALLE SNAKKER KORPS!

HA EIN KJEMPEFIN SOMMAR!!

 

Karl Ole Midtbø