Aktivitetsguidane skal bli eit bindeledd mellom familiar/born og fritidsaktivitetar i nærområdet. Målet er å nå born og unge frå 9-19 år og deira foreldre som kanskje ikkje finn vegen på eiga hand.

Prosjektet starta som ein pilot i Oslo/NMF Øst og er eit samarbeidsprosjekt mellom NMF og Oslo Idrettskrets. I Bergen prøver NMF seg på eiga hand.

Les meir om prosjektet på musikkorps.no

Brenn for korpsaktiviteten

Julie Røssland frå Voss er ei av dei som deltar i Bergen. Ho brenn for korps og er opptatt av at det skal vere ein pass for alle.

– Eg veit at det ofte kan vere vanskeleg fyrste gong ein skal bli med i ei stor gruppe som eit korps. Det er ein stor fordel å kjenne nokon frå før som kan støtte og svare på eventuelle spørsmål. Dessutan meiner eg at korpsa bør bli flinkare til å inkludere dei som gjerne ikkje snakkar same språk.

Julie Røssland deltar på aktivitetsguide i Bergen. Foto: Privat

Julie Røssland deltar på aktivitetsguide i Bergen. Foto: Privat

Viktig inkluderingsarbeid

Katja Furnes er prosjektleiar i NMF.

– Dette er eit spennande og viktig arbeid. Gjennom oppsøkande verksemd og aktivitetsguidar vil vi nå ut til born og unge som ikkje deltek i korpsaktivitet frå før.

Vi vil nå ut til born og unge som ikkje deltek i korpsaktivitet frå før.

I Oslo samarbeider NMF om rekruttering av aktivitetsguidar i Sagene bydel og vil starte opp med borna i desse dagar.

– Vi har kopla oss på det gode samarbeide i Sagene og fleire av ungdomane som har deltatt der har søkt jobb som aktivitetsguide i NMF. Mange som søkjer er ungdom som ikkje er i korps frå før, og gjerne ønskjer arbeidstrening. Dette er ein suksessfaktor i arbeidet med inkludering, seier ho.

Alle skal få delta

I fritidseklæringa frå regjeringa heiter det at alle skal ha ein mulighet til å delta i ein organisert fritidsaktivitet.

– Dette er eit tydeleg signal om at den offentlege innsatsen retta mot born skal vere uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon. Vi ønskjer å vere ein brubyggjar mellom offentleg forvaltning, det frivillige/korps og familien, seier Furnes.

Julie Røssland snakkar fleire språk og gler seg til kurset/opplæringa.

– Eg håpar å få snakke godt med dei andre som har sagt ja til å vere aktivitetsguide, kome med gode idear og få gode idear i det vidare arbeidet og gjerne slik at vi kan samarbeide når prosessen er i gang.

Å spele i korps er den beste fritidsaktiviteten

– Kva utfordringar ser du for deg?

– Eg trur hovudutfordringa vil vere å hjelpe barnet/ungdomen som ønskjer å begynne i korps til å kome på fyrste øving. Når det er gjort trur eg mange sjølv vil finne nokon å vere saman med og at dei fort forstår at det å spele i korps er den beste fritidsaktiviteten.

– Det går fint å samarbeide

– Både ungdom og godt vaksne ser verdien av å ha unge rollemodellar. Mange har fleirspråkleg bakgrunn og med variert bakgrunn er det viktig å fortelje om aktiviteten i korpsa våre, seier Furnes.

Morten Bruun er frivillighetskoordinator i bydelen St. Hanshaugen. Dei var ein av dei fyrste bydelane Oslo idrettskrets inngjekk samarbeid med. Han seier:

«Jeg vet om mange familier og enkeltpersoner i bydelen som har fått hjelp til å komme i gang med en aktivitet takket være aktivitetsguidene. Den jobben aktivitetsguidene gjør er veldig viktig! Det finnes mange bra tilbud i idretten i Oslo og det er mange flere mennesker som trenger å bli en del av idretten».

Det samme gjeld for korps over heile landet.

Prosjektet er sponsa av støtteordninga «Herreløs Arv». Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) forvaltar pengane for Kulturdepartementet og Barne- ungodom og familiedirektoratet (BUFDIR).

Inforamasjonsfilmar som fortel noko om kva det vil seie å spele i eit korps:

ØVING
SAMSPILL
FORELDREAKTIVITET