– Det var høgtideleg og gøy å spele for kongeparet, seier Jonas Eskeland i Haukeland Kronstad skolekorps. Høyr alt han svarer på Facebook.

Ja, det var veldig moro seier Cecilie Aabakken og Kristine Namtvedt Nordstrøm i Skjold Skoles Musikkorps.

Også Heine Dybsland frå Skjold Skoles Musikkorps synst det var stas å få spele for H.M. Dronning Sonja og H.M. Kong Harald. Alle fekk seg bolle og noko å drikke etter speleoppdraget.

Andre gjestar

Også statsminister Erna Solberg, ordførar Marte Mjøs Persen, fylkesmann Lars Sponheim, visepolitimeister Ida Melbo Øystese og mange frammøtte fekk med seg Kongekorpset på Ole Bull Plass onsdag.

Statsminister, Dronning Sonja, Kong Harald, visepolitimeister, fylkesmann og ordførar var lydhøyre til Kongekorpset. Foto: Sandra Halilovic/NMF

Statsminister, Dronning Sonja, Kong Harald, visepolitimeister, fylkesmann og ordførar var lydhøyre til Kongekorpset. Foto: Sandra Halilovic/NMF

Variert repertoar

Kongekorpset spelte fem musikkstykke for dei frammøtte, blant anna Kongesangen. Siste nummer før følget gjekk vidare, «Can You Dig It» av Bryan Tyler, arrangert av Steven Walker svinga det godt av.

Louise Stokes Nydal og Lars Martin Havelin gav blomster til kongeparet og vart intervjua av NRK. Foto: Sandra Halilovic/NMF

Louise Stokes Nydal og Lars Martin Havelin gav blomster til kongeparet og vart intervjua av NRK og TV 2. Foto: Sandra Halilovic/NMF

Blomsterborna Louise Stokes Nydal frå Haukeland Kronstad skolekorps og Lars Martin Havelin frå Midtun Skoles Musikorps overrekte blomster til Kongen og Dronninga.

– Kva sa kongen til deg då han fekk blomster?

– Kongen sa ingenting, det var Dronninga som snakka heile tida, seier Louise.

– Dronning Sonja spurte blant anna om kva instrument eg spelar, seier Lars Martin.

Bakre rekke i korpset på Den blå steinen ved Ole Bull Plass. Foto: Sandra Halilovic

Bakre rekke i korpset på Den blå steinen ved Ole Bull Plass. Foto: Sandra Halilovic/NMF