Mathias Langseth Eliassen frå Sandnessjøen har trent mot International cup og Grand Prix i heile sommar. Han har vore i Japan eit halvt års tid og trent med dei beste. Resultata i Canada har gitt han mange nye erfaringar.

Slitsamt men moro

– Konkurransen har pågått ei heil veke, og det har vore ei lang, slitsam, og ikkje minst ei morsom veke. Det har vore både opp- og nedturar heile veka og eg har lært mykje.

Mathias har trent hardt mot sitt fyrste Grand Prix.

– Eg hadde veldig få forventingar før konkurransen. Å vere med på mitt fyrste Grand Prix var veldig moro. Å få sjå verdas beste drillarar frå to forbund (Norges Musikkorps Forbund og Norges Danseforbund) konkurrere saman for fyrste gong var også moro.

Inspirert og motivert

Han er veldig godt fornøgd med 3. plassen i 1 baton.

– Å stå på pallen for Norge, i ein så viktig og historisk konkurranse, er eg stolt av. Det var absolutt verdt å bruke sommerferien på trening og reise til Canada. No sit eg igjen med mykje inspirasjon og motivasjon til ein ny sesong.

Haugesund på 9. plass

Norge reiste til Canada med 17 utøvarar, seks av dei frå Haugesund Drillkorps. Det var 10 land med i tropp. Haugesund tok ein flott 9. plass og slo Irland.

Haugesund tok ein flott 9. plass. Foto: Lise Hagen Rebbestad.

Haugesund tok ein flott 9. plass. Foto: Lise Hagen Rebbestad.

Gratulerer alle saman som deltok frå Norge!!!

Alle 17 som reiser til Canada for å konkurrere i drill.

Alle 17 som er i Canada for å konkurrere i drill.

I kategorien Team (tropp) gjekk Japan av med sigeren.

Her kan du sjå programmet til vinnartroppen frå Japan.