– Her på Viken går det veldig bra. Det er så mange som har meldt seg på i år at vi har delt kurset opp i to, janitsjar og brass. Steffen Granly i NMF Øst har ansvaret og fortel han har sett dei fleste deltakarane tidlegare, men nokre nye ansikt er det.

Nicolay Rese frå Nesodden er ein gjengangar på sommarkurs. Han spelar tuba i Jar Skoles Musikkorps og er på svart kurs for 2. gong.

– Det er veldig gøy på kurs. Det å få spele saman ei heil veke er noko heilt anna enn eit par øvingar i veka. Ein blir betre på ein annan måte når vi spelar kvar dag.

Nicolay Rese. Foto: Privat

Nicolay Rese. Foto: Privat

Sommarkursa i NMF har ulike fargekodar. Dei svarte kursa er for dei eldste musikantane som skal begynne på vidaregåande skule eller eldre.

Felles oppleving felles glede

Timeplanen er stram, men samhaldet på kursa der speleglede og fellesskap står i sentrum, gjennomsyrer dagane. Musikk, øving, konsertar og sommaraktivitetar som bading og volleyball går hand i hand på kursa. Musikantane får utfordringar på mange område og blir betre både sosialt og musikalsk.

Volleyballturnering er "eit must" på musikkleiren på Viken. Foto: NMF Øst.

Volleyballturnering er «eit must» på musikkleiren på Viken. Foto: NMF Øst.

– På Grenland i Sør stiller vi også med pianist, så dei som vil kan få spele saman med akkompagnatør, både på timar og på huskonsertar, seier musikkonsulent Trond Korsgård.

Kurs i direksjon/instruksjon

Parallelt med svart kurs blir det også arrangert instruktør- og dirigentkurs. Her får musikantane (vidarekomne) sjanse til å lære meir om den viktige instruksjons-rolla, samtidig som dei får spele og ha ei hyggeleg veke saman med jamaldringar.

Korpset på svart kurs øver på "Carmina Burana". Foto: NMF Øst

Korpset på svart kurs øver på «Carmina Burana». Foto: NMF Øst

Får eit stort løft

Ein ting er sikkert, skriv generalsekretær Karl Ole Midtbø i artikkelen «Min sommer» her på musikkorps.no:

– Desse kursa betyr enormt mykje for musikantane våre. Nye vennskap vert knytt, og på instrumentet får dei unge eit stort løft framover. Den store bonusen er at korpsa nyt godt av musikantar som kjem tilbake til kvardagen proppfull av inspirasjon.

Og dette gjeld for alle sommarkursa i NMF, om dei er gule, svarte, raude eller grøne. Nicolai Rese har vore innom alle fargekodane tidlegare år, og til hausten har han fått plass i Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani.

– Det gler eg meg veldig til. Eg håpar å få utvikle meg som musikant når eg får spele på eit høgare nivå, seier han.

Over 80 musikantar i årets korps på svart kurs i Porsgrunn. På søndag spelar dei konsert i Ælvespeilet. Foto: NMF Sør.

Over 80 musikantar i årets korps på svart kurs i Porsgrunn. På søndag spelar dei konsert i Ælvespeilet. Foto: NMF Sør.

Forventningsfulle musikantar

I fleire av NMFs regionar er sommarkursa like rundt hjørnet. Det er nok mange spente born og unge musikantar rundt om i Norge som gler seg til å reise på sommarkurs.

Årets første huskonsert på svart kurs. Horngruppa spelar "Nessun Dorma". Foto: NMF Sør

Årets første huskonsert på svart kurs. Horngruppa spelar «Nessun Dorma». Foto: NMF Sør

I Nordvest er dei fleste sommarkursa over for i år – kun Grått kurs for vaksne er i gang frå torsdag 23. juli, og Gult dagkurs i Ålesund gjenstår.

Gutane frå rødt kurs i Molde veit kvifor dei diggar korps. Sjå video på NMF Nordvest si Facebook-side.

I Hordaland er Nasjonalt brassbandkurs over for i år.

Flotte tilbakemeldingar

Tilbakemeldingane frå kurs som alt er gjennomført i sommar er gode. Kommentarar på Facebook viser at kursa er suverene. Det blir meldt om flotte konsertar, god leiing, og ikkje minst fornøgde deltakarar.

– Takk til flinke instruktørar og leiarar. Fekk med meg heim ei veldig fornøgd jente, skriv ei mor i ein kommentar.

Glade jenter på svart kurs på Viken. Foto: NMF Øst.

Glade jenter på svart kurs på Viken. Foto: NMF Øst.

Facebook-bilde frå kursa i NMF Sør

Facebook-bilde NMF Øst

Sommarkurs i Øst  – ikkje alle er ferdige.

Sommarkurs i Sør  – startar med svart kurs og dei andre kjem etter.

Her finn du dei andre kursa. Nokon er over, medan andre enno ikkje er i gang:

Nordland

Alta

Troms

Hordaland

Rogaland

Hedmark/Oppland

Trøndelag – Her er også Sommarkurs i drill

Nordvest