Dirigentutdanninga «Metodik för blåsorkester på mellannivå» (juniorkorps) og «Metodik för blåsorkester med vuxna I» samt flere utdanninger er utarbeidd i tett samarbeid med Norges Musikkorps Forbund, som igjen har eit samarbeid med Universitetet i Stavanger (UiS).

God og lærerik utdanning

Fleire norske studentar har valgt å studere direksjon både i Stavanger og Ingesund. Ei av dei er Ingvild Sæterlid. Ho er treblåslærar i kulturskulen i Rennebu, Midtre Gauldal og Oppdal. I tillegg har ho aspirantkorpsa i Oppdal Juniorkorps og Soknedal- og Støren Skolekorps, og ho er på vei til å avslutte eit Korps i Skolen-prosjekt på dei to barneskulane i Rennebu for å få opp eit aspirantkorps der. Utdanningane er god erfaring å ha med seg.

– Ja, det er mykje å hente ved at det er knytt opp til yrkespraksisen. Å sette på kameraet på korpsøving og få tilbakemelding frå fagfolk over ein lang periode er utviklande for planlegging og gjennomføring.

Ho meiner utdanninga har gitt ho gode tilbakemeldingar på korleis ho møter enkeltelevar, både i SFO, kulturskulen og på korpsøving, og ho anbefaler utdanning innan direksjon på det sterkaste.

– Eg får reflektert mykje over korleis eg gjer ting, kva eg kunne ha gjort annleis, om eg pratar for mykje, om musikantane har venta for lenge, og om eg er tydeleg reint dirigentteknisk.

Eg får reflektert mykje over korleis eg gjer ting

Ho legg til at fagmiljøet/nettverket av medstudentar (10-15 stk) frå heile Skandinavia er flott.

– Vi får diskutert eigen korpsfagleg erfaring med andre, og får mykje praksis og prøver ut ulike metodar saman med kvarandre på samlingane. Det er ikkje EIN fasit, men du får oppfølging på det nivået du er på. I tillegg er vi innom mange sider av det å vere korpsdirigent, som f.eks i møte med borna, foresatte og styret.

Norske studentar ved Musikkhøgskolan Ingesund 2019. Ingvild K. Sæterlid, Aase Marit Sørum Ramton, Ingunn Quenild, Hanna Stenstøen Nilsson, Hilde Finsrud og Line Magnussen. Foto: Birgitte Grong/NMF.

Norske studentar ved Musikkhøgskolan Ingesund 2019. Ingvild K. Sæterlid, Aase Marit Sørum Ramton, Ingunn Quenild, Hanna Stenstøen Nilsson, Hilde Finsrud og Line Magnussen. Foto: Birgitte Grong/NMF.

Fem helgar på Ingesund

Det er lagt opp til fem fysiske helgar for dirifgentstudiene (sjå faktaboks oppe til høgre) der du må vere til stades på Ingesund (om ikkje ting må justerast pga Covid-19, som sist år). Studentane får også fire rettleiingstimar digitalt, ein til ein, og i tillegg må oppgåver leverast digitalt. Desse to utdanningane gir kvar 30 studiepoeng.

Det er utviklande for planlegging og gjennomføring

Norske Bjørn Breistein blant lærarkreftene

Ved alle dirigentstudia på Musikhögskolan Ingesund er det ulike faste lærarar innan ulike spesialområde som pedagogikk, arrangering, slagverkskunnskap, i tillegg til hovedlærarar og diverse gjestelærarar. I det nye studiet for vaksenkorps-dirigentar er norske Bjørn Breistein ein av hovedlærarane. Elles vil studentane blant anna treffe på lærarar som Andreas Hanson, Rolf Landberd (slagverk) og Erik Berndalen.

Studentar frå alle land kan søke.

Søknadsfristen er 15. april.

I tillegg tilbyr Ingesund, i samarbeid med NMF, høsten 2021 utdanning i:

  • Tamburmajor I. (7,5 studiepoeng).
  • Traditionstrumslagning I. (7,5 studiepoeng).

Her finn du informasjon om studia hausten 2021.

Her kan du lese om samarbeidet med Ingesund. Der er søknadsportalen open 15.mars-15.april:

Fleire norske har vore studentar ved Musikhögskolan Ingesund. Les: Rein vitamin-innsprøyting som dirigent.