Knut Nærum, også kjend frå NRKs Nytt på nytt, sit for tida og skriv manuset til førestillinga «KORPS» som naturlegvis skal handle om korps.  I Nærums underfundige univers blir kvardagen til korpsa skildra med humor, nostalgi og kjærleik, med stor respekt og eit skeivt smil, heiter det i ei pressemelding frå Teater Innlandet.

Knut Nærum, forfattar og humorist.

Knut Nærum, forfattar og humorist.

Historie frå korpsverda

Forestilling skal handle om to skodespelarar som skal formidle historie frå korpsverda og difor treng dei lokale korps som kan bidra. Dagleg leiar i NMF Hedmark og Oppland Botolv Gjeldaker seier dette fenger.

– Dette har skapt eit veldig engasjement på sosiale medier og korps fortel at dei vil bli med. Vi har oppfordra korps om å bli med, og vi meiner dette er ein glimrande måte å fremme korps på, seier Gjeldaker.

Håpar forestillinga set korps i godt lys

Gjeldaker kjenner ikkje innhaldet i forestillinga, men håpar Nærum fokuserer på korps med eit positivt forteikn.

– Dette er ein fin måte å profilere korpsa i regionen på, seier han og håpar teateret får med korps på alle spelestadane.

Under forestillinga vil det lokale korpset bli beden om å spele fleire nummer frå sitt eige repertoar, i tillegg må dei øve inn den nykomponerte «Teater Innlandet-marsjen».

Treng 23 korps

Forestillinga skal spelast i kulturhus på følgende plassar:

Kongsvinger, Sand, Flisa, Elverum, Rena, Trysil, Koppang, Tynset, Røros, Hamar, Brumunddal, Moelv, Lillehammer, Otta, Lom, Fagernes, Dokka, Hov, Gran, Gjøvik, Raufoss, Skreia og Gausdal.

Alle korps som synst dette høyrest interessant ut må kontakte Teater Innlandet på epost@teaterinnlandet.no innan 1. oktober.

Korpset vil få 20% av billettinntektene på sin spelestad.

Teater Innlandet