Mange reiser på tur, til ein festival eller reiser utanlands når sommarferien begynner. Lades Skoles Musikkorps ville i år til NM skolekorps. I dag er dei på veg til Larvik.

– Dette er eit kjempebra mål å avslutte korpsåret med. Etter 17. mai, og kanskje alt etter påske begynner det å dabbe av musikalsk, og øvingane blir lite effektive og utviklande for musikantane.

Det seier leiar i Lade Skoles Musikkorps, Irene Ruud. Ho har sjølv god erfaring med å spele i NM og meiner det er rett og viktig at borna får oppleve dette.

– Eg veit kor artig det er. Sjølv har eg spelt i, fyrst Volla og så Lillestrøm skolekorps. Å konkurrere i NM gir ein «guts» og gjer at medlemmene held koken mot slutten av sesongen.

Eg veit kor artig det er, Irene

God utvikling

Lade Skoles Musikkorps er 39 i hovudkorpset og stiller med 32 musikantar til NM. Fem aspirantar er også med og skal delta på aspirantworkshop. Korpset er i god utvikling med god rekruttering. Til hausten har dei 20 nye aspirantar på plass og blir 44 i hovudkorpset. Rytmegeriljaen under leiing av Brazz Brothers` Jan Magne Førde, lærer å tromme og har gitt resultat i form av god rekruttering.

Tillitsvald i korpset er Sigrunn Sellgren og Lotte Walla Aune. Dei gler seg veldig til å delta i NM.

– Eg trur det blir veldig gøy. Det er stort å få delta i NM. Vi har deltatt i Trøndersk Mesterskap (TM) i fleire år og opplever at når vi øver mot eit mål blir vi meir konsentrerte, spelar betre og får eit betre resultat. Eg gler meg til å få spele konsert saman med dei andre og ha det gøy, seier Lotte Walla Aune.

Det er stort å få delta i NM, Lotte

Deltatt i lokale konkurransar

Sidan det er fyrste gongen dei er med, er dei alle spente på nivået. Korpset har ikkje hatt mykje ekstraøving, men eit seminar etter påske med Musikkforeningen Nidarholm der dei hjelpte med innøving av NM-repertoaret. Korpset har hatt ei fin utvikling siste åra. I TM kom dei på 9. plass i 3. divisjon i fjor. I år enda dei på ein 4. plass i 2. divisjon. I underhaldningskonkurransen på Gjøvik vart dei nr. 4 og i Rennebuspelet gjorde dei reint bord og vann heile konkurransen.

– Vi veit litt kva vi går til. Lokalt kan vi slå i bordet med gode plasseringar, men det blir spennande å sjå kva ambisjonsnivået ligg på i Larvik, sier leiaren.

Bli med i fotokonkurransen på Instagram

Fleire korps til NM for fyrste gong

Også Øren Skolekorps frå Drammen/Buskerud og Møvig og Sjøstrand Skolemusikk frå Kristiansand/Vest-Agder er nye i år og Sande- og Mosserød Juniorkorps frå Sandefjord er med. Det er ikkje vanleg i eit NM.

– Det er fyrste gongen som eg kan hugse, seier dagleg leiar i NMF Sør, Finn Arne Dahl Hanssen.

Han fortel om god deltaking frå Vestlandskorps, frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Totalt er det mange fleire i år enn tidlegare. 40 janitsjarkorps skal konkurrere, fordelt på tre divisjonar.

– Dette er gledeleg og spesielt at det er mange nye korps i 3. divisjon.

– Kvifor trur du det er så mange i år?

– Eg tolkar det som at fleire korps jobbar målretta heile sesongen og vil spele gode konsertar i konkurranse. Det er viktig at NM er for alle for å vise mangfaldet. NM er ikkje berre for dei beste, seier Dahl Hanssen.

NM er ikkje berre for dei beste, Finn Arne

Likevel er ikkje janitsjarkorps frå nord om Trøndelag representert. Irene Ruud trur avstanden har noko å seie.

– Det er utfordrande for korps langt unna å kome til NM. Det er ein lang tur for ei helg, og i år er det også skule for oss måndagen etter.

Repertoar

Korpset frå Trøndelag har valt musikk som borna synst er artige å spele. På repertoaret står Bohemian Rhapsody av Freddie Mercury/Queen, arrangert av Øystein Heimdal.

– Denne har vore fast innslag i korpsbussen på veg til turar. Musikantane ville gjerne spele den, og slik vart det, seier Ruud. Ho legg til at dei dreg for å utfordre seg sjølve, ikkje for å vinne. På generalprøva denne veka var det stor speleglede blant borna. Dei diggar musikken.

– Det er slik det skal vere, gøy å spele i korps. Vi spelar ikkje for dommarane, men for oss sjølve.

Vi spelar ikkje for dommarane, men for oss sjølve, Irene

Mestring, konsentrasjon og glede

Dei to tillitsvalde er generelt glade i musikk og korps har gitt dei ein sjanse til å oppdage ulike musikkgenrar, og gir dei mestringsfølelse.

– Kva gler du deg mest til i NM?

– Følelsen, når eg går på scena rett før det heile er i gang. Vi går inn og eg merkar at heile korpset er konsentrerte til å spele konsert, seier Lotte som spelar Valthorn.

Les: Ingen NM-helg uten spennende utstillere

NM-program Larvik