Resultatliste NM skolekorps janitsjar 2016

Resultatliste NM skolekorps brass 2016

 

NM skolekorps brass

Tertnes Skoles Musikkorps gjekk av med sigeren i NM skolekorps brass 2016 med heile 99 poeng. Tertnes leverte ein solid innsats og er på ny klar for Europa. Dei vann også i fjor og vann EM brass Development Section.

På 2. plass kom Manger Skulemusikklag, medan tredjeplassen gjekk til Ytrebygda Skolekorps. Begge heimehøyrande i Hordaland.

To flotte representantar for norgesmeister Tertnes Skoles Musikkorps i skolekorps brass. Foto: Sindre Skjøld.

To flotte representantar for norgesmeister Tertnes Skoles Musikkorps i skolekorps brass. Foto: Sindre Skjøld.

NM skolekorps janitsjar

Midtun skoles Musikkorps vann NM skolekorps janitsjar 2016. Dei fekk 97 poeng. 2. plassen i janitsjar gjekk til Gjallarhorn frå Oslo, medan Nes Skolekorps frå Akershus tok tredjeplassen.

Flott innsats

I Stavanger har 38 brasskorps delteke med flotte konsertar. Det samme har dei i Larvik. 40 janitsjarkorps har gjennomført konsertprogram dei har øvd på i fleire veker.

Gratulerer med strålande innsats til alle dei andre fantastiske korpsa våre! Veldig sterke prestasjonar over heile linja!

Midtun Skoles Musikkorps vant 1. divisjon i NM Skolekorps Janitsjar 2016

Midtun Skoles Musikkorps vant 1. divisjon i NM Skolekorps Janitsjar 2016