Trygg i korps
Norges Musikkorps Forbund skal vere ein trygg arena for alle. I 2019 vedtok forbundsstyret at varslingsrutinar og etiske retningslinjer skulle kvalitetssikrast. No er dette på plass.
– Undervegs i prosessen såg vi at NMF ikkje var tydelege nok på dei etiske retningslinjene for heile organisasjonen. No er rutinane på plass og det er lettare å vite kva som skal gjerast dersom nokon blir mobba, trakassert, om det blir gjort overgrep, eller underslag, og kva konsekvensar det får om nokon bryt dei etiske retningslinjene, seier prosjektleiar og HR-ansvarleg i NMF Gro Anita Holvik.
Gjeld for alle
Dei etiske retningslinjene og varslingsrutinane gjeld for medlemskorpsa, tillitsvalde i organisasjonen, administrasjon, og mellombels tilsette i organisasjonen. Arbeidsgruppa har sett på tre spor, etiske retningslinjer, varslingsrutinar og vedtekter.
– Vi har fått gode innspel frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, LNU, og vi har utvida og spissa retningslinjene våre og sett dei opp mot vedtektene, for å få ein samanheng mellom desse, seier Holvik.
Det er oppretta ein digital varslingsportal slik at alle varsel som blir meldt inn til organisasjonen kjem via portalen, mittvarsel.no. Her må varslar opprette profil og personopplysningar blir sjølvsagt behandla i tråd med regelverk.
Kultur for å seie frå
Arbeidsgruppa har fått innspel få alle delar i organisasjonen, noko som har vore viktig for å få eit godt resultat. Dette skal bevisstgjere og skape ein kultur for å seie frå.
– Vi håpar at dette verktøyet som ligg på musikkorps.no (i menyen under Om NMF/En trygg organisasjon) skal hjelpe til med å løyse eventuelle utfordringar på lågast mogeleg nivå, seier Holvik.
Her finn du: Varslingsrutinar og Etiske retningslinjer