Det seier Rode Margrete Hegstad, styreleiar i Landsrådet for Norges Barne- og Ungdomsorganisasjonar, LNU. Den engasjerte 25-åringen er ein av mange foredragshaldarar på Ungdomskonferansen på Hell 19. – 20. januar.

Ho skal saman med Hilde Mortensen Sandvær, nestleiar i LNU, inspirere dei vel 100 ungdomane med temaet «Korpset mitt, ung og engasjert». Hegstad meiner dette er viktig tema, fordi unge ofte får høyre at meiningane deira ikkje er så viktige.

– Vi veit best korleis vi har det, anten på skulen, heime eller i korpset/fritidsaktiviteten. Om vi som unge har tru på at våre meiningar er viktige og seier i frå, så kan vi få gjennomslag. Og då blir gjerne aktiviteten betre og meir interessant.

Om vi som unge har tru på at våre meiningar er viktige og seier i frå, så kan vi få gjennomslag.

Mange er glad i hobbyen sin

Sandefjord-jenta som no er busett i Oslo har ikkje nokon gong spelt i korps, men ho har mange kjente som er glad i hobbyen sin.

– Vi ser korps rundt oss, glade, stolte og unge. Eg har ei venninne som har ei dotter i korps. Ho kom heim og var superfornøgd. Den dagen hadde dei lært å spele og marsjere samtidig.

Ungdomskonferansen på Hell 2014. Instagramkonkurranse. Foto: NMF

Ungdomskonferansen på Hell 2014. Då var Instagramkonkurranse i fokus ein av dagane. Foto: NMF

Korps i ryggmargen

Hilde Mortensen Sandvær frå Mo i Rana har korps i ryggmargen og har spelt fløyte sidan ho var lita (7 år). Sidan ho var 15 år har ho vore tillitsvald, fyrst i skulekorpset, så i NMF på regionalt – og nasjonalt nivå. Å vise fram korpsengasjementet, i lokalsamfunnet og i sosiale medier er hovudtema som Sandvær skal prate om. 27-åringen meiner det er viktig å vekke engasjementet og trua på seg sjølv. Ha det gøy saman, både musikalsk og organisatorisk.

– Å engasjere seg i korpset, sitte i styret og vere med å ta avgjerder er viktig ansvar som ikkje berre foreldra bør ta på seg, men også ungdommar som faktisk spelar i korpset. Det er viktig at ungdommane sjølve bestemmer korleis korpset skal styrast.

Vere med å bestemme

– Mitt mål er å gje ungdomen verktøy som dei kan bruke for å vere med å bestemme. Korleis argumentere best for det dei trur på og ønskjer å oppnå, for å for eksempel få gjennomslag for ein ny konsert, ein korpstur, eit leiartreningsprogram som er viktig for medlemmene.

Eg vil gjere dei bevisste på kven dei er, stå opp for korpset sitt og vere stolte, Sandvær

I dag er det ein del vaksne som sit i rom der avgjerder blir tatt. Om unge dyktige folk tar ansvar og seier ja til å sitte i styre lokalt, vil det spreie seg oppover i organisasjonssystemet, trur Hegstad og Sandvær.

– Men sjølv om ungdommen ikkje sit i styret, kan dei vere med å påverke. Ungdom er på alle sosiale plattformer. Eg vil gjere dei bevisste på kven dei er, oppfordre dei til å ta større rolle i lokalsamfunnet og stå opp for korpset og vere stolte, seier Sandvær.

– Eg gler meg til å bli betre kjent med korpsbevegelsen, avsluttar Hegstad.

Det kjem representantar frå korps frå nær og fjern til Ungdomskonferansen. I år er det korpsmedlemmer frå Etne i Hordaland som har lengst reiseveg. Prosjektleiar Håvard Hinsverk tenker på denne konferansen heile året.

– Eg leitar etter interessante innfalsvinklar til eit godt program. Det må blant anna vere tidsriktig. Konferansen har forandra seg frå oppstarten. Det starta som eit kurs i drift av korpset. No er det meir sjølvutvikling og forstå si eiga rolle i korpset. Nytt i år er å vere engasjert i eige korps. F.eks kva inneber det å inkludere. Det er helst dei eldste i korpset som er forbilde som kjem.

Også i år vil det bli laga video frå Ungdomskonferansen.

– Ja, å lage video brukar eg bevisst og sender det ferdige resultatet ut til dei som har vore på konferansen utpå hausten. Då får dei gjerne lyst å komme tilbake også neste år, seier Hinsverk.

Sjå video-produksjonar frå tidlegare konferansar: 2011,  2012,  2013,  2014/2014,  2015,  20162017, 2018

Hellsymposiet 2019 som foregår parallelt kjem professor Peter Boonshaft fra USA. Han skal blant anna undervise på Dirigentsymposiet.

Og sjølvsagt blir det nyttårskonsert! I år med  Elisabeth «Bettan» Andreassen,  Sofie Venæs og Halsen Musikkforening under gjestedirigent Tor Halvard Nilsen laurdag kveld.