– Eg gler meg veldig til helga. Eg synest eg har funne eit spennande og morosamt program og synest det er kjempegøy å få dirigere desse stykka. Eg trur også musikarane synest det er moro å spele.

Maestra er eit program retta mot yngre kvinnelege korpsdirigentar. Målet er å etablere fleire kvinner som dirigentar for dei fremste vaksenkorpsa i landet.

– Eg ville bli med fordi det gir meg praksis og gir meg sjansen til å bli kjent med nye korps fleire plassar i landet. Eg får meir erfaring med å jobbe med korps på høgt nivå og får god trening i å halde øvingar og konsertar jamleg. I tillegg får eg lære meg mykje nytt repertoar!

Store utfordringar

Guro Ansteensen Haugli studerer til vanleg master i dirigering ved Universitetet i Stavanger (UiS). Ho stiller høge krav til seg sjølv, og gjennom Maestra må ho utfordre seg sjølv på å vere på eit høgare nivå.

– Det er kanskje den største utfordringa. Korpsa er gode, og når dei spelar bra, må eg finne måtar å løfte nivået endå nokre hakk.

Å finne nye måtar å tilnærme seg musikken og musikarane på er også ei utfordring.

– Eg prøver alltid å finne nye måtar å instruere på og øver meg på å vise så mykje som mulig med teknikken min. Målet er å finne noko som kan gje eit godt resultat med ein gong. Det er noko av det eg har jobba mest med og har fått mykje utbytte av.

Målet er å finne noko som kan gje eit godt resultat med ein gong.

Guro Haugli. Frå masterclass med Stavanger symfoniorkester under Dirigentuka 2016 . Foto: Privat.Guro Haugli frå masterclass med Stavanger symfoniorkester under Dirigentuka 2016 . Foto: Privat.

For Lillestrøm Musikkorps var det lett å seie ja til å bli med i Maestra-programmet. Det er også fyrste gong dei har ein kvinneleg dirigent på podiet.

Spennande med nye innspel

– Vi synest det er veldig bra at NMF tek initiativ til konkrete tiltak som bidrar til at fleire unge tek utdanning som dirigentar og i tillegg vil jobbe med korps. Det er avgjerande at unge dirigentar får prøve seg på konkrete prosjekt og at resultatet blir framført i form av ein konsert for publikum, seier Terje Solbakken.

Solbakken er leiar i Lillestrøm Musikkorps og seier det er spennande å få nye innspel til korleis korpset kan bli betre, både til å spele saman og til å formidle musikken til publikum i salen.

– Alle dirigentar har sin personlege stil og måte å instruere på. Guro er allereie ein dyktig dirigent som det har vore veldig fint å arbeide saman med. Når dirigenten gjer ting annleis enn vi er vande med, krev det større merksemd frå vår side, og det har vi godt av.

Guro er allereie ein dyktig dirigent som det har vore veldig fint å arbeide saman med.

– Kva står på programmet?

– Vi har valt å gjere konserten saman med Opus 82, og begge korps har stort og flott program for konserten. Opus vartar opp med Symphonic Metamorphoses (Paul Hindemith), Concerto Grosso for Saxophone Quartet and Band (William Bolcom) og Aurora Awakens (John Mackey). Lillestrøm Musikkorps spelar Fanfare og Koral (Egil Hovland), Hymn to a Blue Hour (John Mackey), Colonial Song (Percy Grainger), Molly on the Shore (Percy Grainger), Blue Shades (Frank Ticheli) og The Gum Suckers’ March (Percy Grainger). Mykje å gle seg til både for publikum og musikantar!

Lillestrøm Musikkorps har deltatt på samtlige NM siden 1990. Her fra 2016. Foto: Vilde Marie S. Angell

Det er mykje å gle seg til både for publikum og musikantar!

Tid framfor spegelen

For å oppnå gode resultat har Guro Haugli brukt mykje tid på å førebu seg.

– Eg har jobba mykje med ord eller stemningar som definere musikken. Eg prøver å finne ord som passar best og som kan sette musikken i eit nytt lys, både for musikarane og meg. Eg brukar mykje tid framfor spegelen på øvingsrommet. Då ser eg kva eg gjer og finn nye bevegelsar som kan vise musikken betre.

Bli betre kjend med Guro på Lillestrøm Musikkorps si nettside. 

Fleire vil få tilbod

Maestra starta opp i 2017. Gjennom prosjektet håpar NMF at fleire korps skal begynne å bruke kvinnelege dirigentar som faste dirigentar eller som gjestedirigentar.

– Målet er at fleire korps skal få augene opp for det nivået og den fantastiske kompetansen mange av våre kvinnelige dirigentar har. Kvaliteten er høg og berre dei beste dirigentane kjem gjennom nålauget, seier musikksjef i NMF Rune Hannisdal.

-Tilbakemeldingane frå korpsa dirigentane jobbar med er udelt positive! I samarbeid med Dextra har vi en ambisjon om å videreføre prosjektet, seier Hannisdal.

Mentor-ordning fungerer supert

– Ordninga med erfarne mentorar i Maestra er veldig bra. Det gir god støtte og oppfølging undervegs og gjer læreprosessen enda betre for alle partar, seier Solbakken.

For Lillestrøm er det eit overordna mål å spele musikk som utviklar dei og gir ei god oppleving for både publikum og musikantar.

– Vi gler oss til konsert og ynskjer Guro lukke til vidare med utdanning og dirigentkarriera, seier Solbakken.

– Heile prosjektet med Lillestrøm har vore ei veldig fin oppleving. Eg gler meg til å endeleg vise fram resultatet av det vi har jobba med, seier Haugli.

Eg gler meg til å endeleg vise fram resultatet av det vi har jobba med.

Utanom Lillestrøm Musikkorps er desse korpsa med i Maestra-programmet: Manger Musikklag, Musikkforeningen Nidarholm og Sarpsborg Janitsjar. I desember er det Sarpsborg Janitsjarkorps som får maestraene på podiet, til konsert.

Dei tre Maestra-deltakarar i programmet 2017/18 er Ingunn Marie Hagen, Guro Haugli og Karoline Torkildsen.

Les: Oppstart for Maestra-prosjektet

Maestra er støtta av Sparebankstiftelsen Dextra Musica.