Primus motor for Utsiktsbakken brassband er Falk Bakke. Han starta korpset og har styrt korpset i fleire tiår og har vore eineståande i frivillig innsats med særleg vekt på aktivitet for personar med særskilde behov.

Falk Bakke er primus motor for fleire av spesialkorpsa i Norge. Foto: Olga Wergeland/NMF

Falk Bakke er primus motor for fleire av spesialkorpsa i Norge. Foto: Olga Wergeland/NMF

Ein livsstil

Bakke er forsiktig med å framheve seg sjølv, men han har brukt mykje av tida si på spesialkorps.

– Det er nærast blitt ein livsstil for meg dette. Men vi er ein heil gjeng! Om eg er primus motor, er det mange påhengsmotorar. Det må seiast, seier Falk Bakke som også køyrer bussen når korpset skal ut på oppdrag.

– Kva betyr det for musikantane å få spele i korpset?

– Dette er sosial integrering på sitt beste. Vi opererer som gruppe, ingen kunne gått inn i eit vanleg korps. Ingen i korpset kan notar, men vi har eit godt miljø, gir kvarandre trygghet som igjen gjer at dei får til det beste dei kan. Det vi kan, kan vi i Utsiktsbakken.

Korpsbyggar Per Einar Fon takka korpset for konserten. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Korpsbyggar Per Einar Fon takka korpset for konserten. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Engasjert inspirator

På 80-talet var Bakke styreleiar for Torshov skoles musikkorps, tok initiativ til å etablere spesialkorps i Bærum, og han har vore inspirator og pådrivar for å etablere fleire spesialkorps i Norge. Han har også tatt initiativ til å etablere tilsvarande korps i Albania og på Færøyane og tok initiativ til å etablere eigen spesialkorpsfestival «Vi vil» som sidan 2000 har ambulert kvart tredje år i Norge.

– Eg har nok lagt ned mykje arbeid i å utvikle tilbod og tiltak som er eigna til å gje funksjonshemma betre livskvalitet, betre rettar og høgare status i samfunnet.

Trønderbrazz arrangerte «Vi vil 2015»

Torleif Eliassen vart «årets korpsbygger voksenkorps 2015» for arbeidet i Trønderbrazz.

Arild Tjernsli var mangeårig dirigent for Utsiktsbakken brassband. I sommar slutta han og fekk NMFs heiderspris «Musikanten».

Foreldre og kulturskule

Korpset jobbar no tett saman med foreldre og hentar musikk og dirigent-kompetanse frå kulturskulen. Korpset har bestått i snart 30 år, har mange faste oppdrag og skal feire jubileum i 2017. Men før den tid er det  ungdoms-OL på Lillehammer i 2016.

Rette aldersgruppa

– Ja, dette er ein eingongssak, i motsetning til vanleg OL er ungdoms-OL for målgruppa 15 – 17 år. Det er akkurat i det sjiktet der haldningar blir skapt. Ungdoms-OL er tredelt, med ein idrettsdel, ein utdanningsdel og ein haldningsdel. Det er i siste kategori Utsiktsbakken Brassband kjem inn. I denne delen lærer vi frå kvarandre sine kulturar, akseptere kvarandre sine synspunkt og haldnigar blir skapt. Og det er her vi meiner vi har noko å vise, seier Bakke.

30-års jubileum 2017

For tredje gong skal korpset til Solgården i Spania, i 2017 på jubileumstur, og så blir det jubileumskonsert i Maihaugsalen på Lillehammer saman med Gardemusikken. Når dei spelar saman med vaksenkorps, så spelar nokre av solistane med dei profesjonelle. Det er stort.

– Det er klart dette gjer noko med stoltheita. Å få vere solist med Gardemusikken, då rettar vi oss litt ekstra opp i ryggen, seier Bakke.

På konserten for veiledarane på Hamar utstrålte alle musikantane glede og godt samhald, og også her var fleire av medlemmene stolte solistar.