– Vi har alltid lyst til Molde. Byen har betydd veldig mykje for Sunnmørsmusikarar og jazzmiljøet på Sula. Det er ein viktig plass med Molde-jazzen. Å kome dit å få måle krefter med musikk og jazzmiljøet der, gir inspirasjon, seier Jan Magne Førde i The Brazz Brothers, på folkemunne kalla Brazz Bross.

Dei har spelt under jazzfestivalane og gler seg til å spele i byen på nytt. Denne gongen kjem dei i samband med Korpskonkurransen for vaksenkorps i NMF Nordvest. Saman med Molde janitsjar skal dei spele festkonsert i Bjørnsonhuset laurdag kveld. Tema for konserten er «New Orleans Parade».

Dei beste låtane

– Dette er ei samling av dei beste låtane vi veit om frå New Orleans. Det gir eit djupdykk i jazztradisjonen der vi spelar kjende komposisjonar. Musikken er tidlegare innspelt på cd og fyrste gong skrive for marinemusikken i Horten, for profesjonelle.

Ei kasse med notar

– Det er høg vanskegrad på stykka. Vi har sendt avgarde ei kasse med notar til Molde janitsjar, seier Førde og legg til at New Orleans-musikk er kul musikk. Dette vil fenge hjartet til einkvar korps- og musikkentusiast.

Øver for fullt

Molde janitsjar er i full gang med å øve inn repertoaret. Om vanskegraden er høg, er entusiasmen i korpset på topp.

– Vi øver og øver, og teknisk er enkelte stykke særleg utfordrande for treblåsgruppa, seier leiar Nils-Gunnar Solli. Han er leiar og spelar klarinett i korpset.

– Eg jobbar med utfordringar med notane vi skal lære oss.

Han fortel at dei tidlegare har samarbeidd med Brazz Brothers då dei kalla seg Ytre Suløen Jazzensemble.

– For min del er dette veldig artig. Linken til Moldejazz er viktig, seier Solli. For Molde janitsjar har i 17 år drive gateparadeorkesteret jazzlogen under Moldejazz. Der har Suløen hatt det musikalske ansvaret for opplæringa.

Brass-entusiastar

Sjølve karakteriserer dei seg for brass-entusiastar, født og oppvaksne i korpsmiljø. Tre brødre Førde, to brødre Tafjord og Kenneth Ekornes bak trommene. Fem av dei er frå Sula på Sunnmøre.

– At vi spelar saman med korps er heilt naturleg. Å ha samarbeid med korps og reise på besøk til korps er viktig for oss, og riktig, seier Førde.

På nettsidene til bandet skriv dei:
«Vi håper på full storm og regn i oktober. Da låser vi oss inne i studioet på Giske i 2 døgn og får ikke lov å komme ut før det er spelt inn god musikk!
Hva vi skal spille inn? Hekjæ peiling!»

Og har dei ikkje blese vekk i stormen, og fått til ei innspeling eller to, kjem dei til Molde laurdag 31. oktober og held festkonsert saman med Molde Janitsjar. Jan Magne Førde er ikkje i tvil om at det heilt sikkert blir god stemning, flott musikk og håpar det kjem masse entusiastar for å høyre på.

Les om arrangementet: Nordvesten Vaksenkorps 2015

Les meir om The Brass Brothers