«Alle» veit kven Rita er. Korps engasjerer henne, kultur og frivillig arbeid er hennar hjartesak, ho er politisk aktiv, har eit stort nettverk både lokalt og i sosiale medium, sjølvsagt viser ho igjen på Facebook der ho kommenterer, «likar» og deler stort og smått.

– Det er kjempeviktig å vere synleg i samfunnet. Det trur eg er det aller viktigaste når samfunnet no opnar opp igjen.

Då tenker ho særleg på korps-Norge og fortel om ein episode der korpset hennar marsjerte på Karl Johan ein laurdag.

– Vi var veldig nøye på å følge alle smittevernreglar, at vi gjorde ting rett, og korleis folk på gata tok imot oss. Folk fotfølgde oss og nesten sprang etter korpset. At vi viser igjen i lokalmiljøet, ikkje berre på konsert, men i gata, marsjere forbi gjestar på kafè, ja det må vi bruke som brekkstang og ha fokus på å vise igjen. Korps er viktige for nærmiljøet vårt.

Korps er viktige for nærmiljøet vårt.

Korpskarriere

Rita er utdanna kjemikar og er direktør i Studentsamskipnaden i Østfold. Ho er parti- og gruppeleiar i Frogn Arbeidarparti, varaordførar, korpsleiar, tamburmajor og klarinettist. Korpskarriera begynte i 1972. Ho fekk tildelt ein klarinett som instrument under Morten Eriksen sine ord om at «Det er mulig vi trenger en obo etter hvert.»

Det vart aldri obo.

– Eg er fornøgd med instrumentet, men har aldri tatt oppgjer med Eriksen, ler ho.

Rita slappar godt av når ho går i fjellet. Ho går både korte og lange turar. Foto: Privat.

Etter skulekorpstida var det dirigent Niels Kristian Persen som dytta meg vidare til spel i elitedivisjonskorpset Vestre Aker Musikkorps.

– Eg hadde ikkje vågd å begynne sjølv. Vi var ein gjeng på same alder som starta samtidig. Det var ein terskel å ta. Men eit venleg spark frå dirigenten fekk meg til å ta steget opp til spel i elitedivisjon. Men det betydde øving. Soloklarinettisten var tydeleg på at det berre var å kome seg heim å øve.

– Kva betyr korps for deg i dag?

– ALT! Seier ho med store bokstavar og ler. Korps er veldig viktig. Det å få tilliten som president har ikkje gjort engasjementet mindre. Eg er enno meir obs på kva betydning korps har for andre.

Eg er enno meir obs på kva betydning korps har for andre.

Fotavtrykket

– Det skjer så mykje flott i denne organisasjonen. Det har vi sett det siste året. Ikkje minst når vi kjem utav dette året. Vi har mykje ugjort. Vi må vere bevisste på kven vi er og kva vi gjer og korleis vi snakkar om korps ute blant folk.

Rita på Arendalsuka saman med musikkonsulent Håvard Hinsverk og styremedlem Jørgen Foss. Foto: Privat

Gå same veg

NMF jobbar med ny strategiplan fram mot neste landsmøte. Det opptar sjølvsagt presidenten fordi det handlar om å vite kva retning organisasjonen skal ta. Prosessen og forankringa og at ein slik plan også passar det enkelte korps er viktig.

– Dit skal vi. Eg håpar vi klarer å ta vare på det gode vi har hatt og utvikle noko nytt.

Eg håpar vi klarer å ta vare på det gode vi har hatt og utvikle noko nytt.

Mange roller

Rita er stadig tilbake til det å vere synleg. Det er ho også som politikar og er svært bevisst alle rollene ho har.

– Skal du vere folkevald må du vere aktiv og synleg også der, synleg som parti, ikkje berre som Rita. Det er fleire i Frogn Arbeidarparti enn Rita. Det å vite at vi har ein breidde i partiet og bruke partiorganisasjonen på dei områda som folk har interesse og kompetanse på. Det synst eg vi har fått til. Det er ikkje unaturleg at frivilligheita og kulturlivet er mine hjartesaker, i tillegg til oppvekst.

Politisk aktiv

Ved sist val stilte ho som ordførarkandidat i Frogn, men brukar ikkje mykje energi på at ho ikkje vart politisk sjef i eigen kommune.

– Vi fekk til eit samarbeid med seks andre parti og fekk flytta makt frå høgre til venstre. Det er viktigare enn ordførarklubba, slår ho fast.

Samarbeid er viktigare enn ordførarklubba.

I jobben som direktør i studentsamskipnaden i Østfold er ho varsam med å vere politisk, men alle veit kor ho høyrer heime.

– Eg har hatt god nytte av å ha kunnskap om politikk i jobben min. Når vi blant anna diskuterer med kommunane om kor f.eks studentbustadane skal byggast og ikkje minst kor dei skal sjå ut, må ein jobbe politisk og inn mot forvaltninga. Det handlar om å kunne forstå korleis spelereglane er og kven eg må kontakte når osv.

Rita i front med Trommedamene i Drøbak. Foto: Privat

Korpsinteressa

I dag spelar ho bassklarinett i Drøbak Musikkorps og er korpsleiar og tamburmajor i Drøbak Trommedamer. Før 17. mai i år kom representantar frå skulekorpset og spurde om ho kunne lære dei litt marsjering. Dei nærast knegjekk henne om å gå saman med dei nasjonaldagen. Og jammen fekk den energiske presidenten det til.

Eg er ingen ekspert, men hjelpte til.

– Eg er ingen ekspert, men hjelpte til. Dei vart svært inspirerte, og etter to øvingar og gjennomført nasjonaldag vil dei no bli betre på marsjering og ønskjer å ha sin eigen tamburmajor. Så, ja, eg har gjort noko bra då, seier ho med eit forsiktig smil.

Slutta orden må lærast. Rita på seminar i gardeleiren. Foto: Privat

Det store spørsmålet mange lurer på er kor i all verda tar ho all energien sin frå. Svaret kjem kontant:

– Så lenge det er moro det eg held på med og gir meg meir enn det tar, får eg energi. Men også eg har søndagar då eg ligg på sofaen, ingen må tru noko anna! Eg er veldig god på å sove når eg kan. Søv lett og kort. Det gjer at eg held ut, smiler «uveret».

Eg har søndagar då eg ligg på sofaen, ingen må tru noko anna!

Sommar og sol

Drøbak er heimbyen og også sommarbyen til Rita. Sommarstid brukar ho nokre veker heime med familien. Vi gler oss alltid til å få jentene heim frå Bergen og Trondheim. Etter byliv, heimekos og kajakkpadling som har blitt ein ny hobby for Rita det siste året, er det fjellet som kallar.

Fjellet er friplassen til Rita. Foto: Privat

– Fjellet er kvileplassen min. Då senker eg skuldrane. Og eg MÅ ha nokre fjellturar i beina, men treng ikkje gå så langt. Det er ikkje lengda på turen, men å gå til bekken eller fossen, eller gå på ein topp. Begge deler er fint. Naturen er viktig for meg. Og kajakkpadling, det er fantastisk!

På spørsmål om kor lat ho skal vere i sommar svarer ho:
– Eg kan ikkje vere lat eg! Visst ekstremt lat er 10, trur eg eg landar på to til tre. Det må skje noko. Eg kan kvile to tre dagar, men så blir eg veldig utolmodig, ler ho godt.

– Kva er din sommarlåt?
– Veit du kva!! Det er eg ikkje god på altså! En solskinsdag med Postgirobygget, er det ikkje dei som har den? Jo, det må vere den om eg må velje noko. Eg er altetande!

Instrument og tamburstokken får kvile i år.
– Ikkje sjå vekk ifrå at eg kjem til å trene på SLO, eller slutta orden, som er grunntrinn i forhold til marsjering. Det har eg skjønt at eg må halde ved like. Eg skal tenke på fenriken, flinke instruktørar og ta nokre vendingar.

Avslutningsvis vil ho presisere kva det aller viktigaste for henne er:

– No gler vi oss til å kome utav pandemien og vise heile Norge kor mangfoldig korps er!

I sommar har vi gjort sommarintervju med fleire personar. Du finn intervjuet i lenkene under når dei er publisert:

Torsdag 1. juli – Rita Hirsum Lystad
Mandag 5. juli – Sondre Lerche
Torsdag 8. juli – Espen Rostrup Nakstad
Mandag 12. juli – Jørgen Lund Karlsen
Torsdag 15. juli – Marit Bakken
Mandag 19. juli – Ulf Rosenberg
Torsdag 22. juli – Maria Molund
Mandag 26. juli – Birgitte Brekke