Fra protokoll møte 5/2015 sak 46/2015 Budsjett

1. Aktiviteten til regionkorpsa NUB og NUK vert stilt i bero for 2016 og første halvår 2017. Regionstyret vurderer å reorganisere aktiviteten frå og med hausten 2017. Målet med dette skal mellom anna være å ha eit representasjonskorps i jubileumsåret 2018. Første kvartal 2016 er å sjå som ein avviklingsperiode.

Regionstyreleder Nils-Gunnar Solli har her kommentert saken:

Eg har stor respekt og forståing for synspunkt/kommentarar og engasjement knytt til situasjonen for regionkorpsa til NMF Nordvest.

Det må presiserast at:

  • Regionkorpsa ikkje er lagt ned, men vert stilt i bero for ein periode. Målet er å ha starta opp igjen regionkorpsaktivitet hausten 2017, m.a. med tanke på aktivitet i jubileumsåret 2018 (NMF 100 år).
  • Styret sit både med ansvar og har kompetanse som kollegialt organ til å ta avgjersle i denne type utfordringar som gjeld prioritering og vegval ut frå ei totalvurdering av regionen sin situasjon.
  • Styret har tidlegare gjort prioriteringar og lagt føringar på korleis ei skal jobbe for både å få større oppslutning om regionkorpsa og betre økonomien (i dette ligg m.a. også kontakt med andre regionar om tilsvarande tiltak).
  • Andre tiltak regionstyret har prioritert å sette i gang/prøve ut, t.d. i Ålesundsområdet, er ikkje ein konkurrent. Det må sjåast i samanheng med konkret uttrykte ønskjer og behov, som også handlar om stimulerings-, utviklings- og rekrutteringstiltak på same måte som t.d. regionkorpsa også er eit uttrykk for.Det er imidlertid viktig for meg å presisere at engasjementet som kjem til uttrykk knytt til vedtaket om regionkorpsa er positivt.  Vi er ikkje på nokon måte i ein krisesituasjon, men for styret er det viktig å «stokke korta» slik at vi ikkje kjem dit.

Godt Nytt Korpsår til alle

Nils-Gunnar Solli

Siste samling i 2016 for begge korps blir gjennomført denne helgen i henholdsvis Tafjord (NUK) og Florø (NUB).