Ida Pettersen Tande studerer ved musikkonservatoriet i Tromsø med trompet som hovudinstrument. 22-åringen frå Narvik skal dei neste månadene jobbe som prosjektkonsulent for NMF Nord-Norge. Arbeidsoppgåvene hennar er å produsere og arrangere arrangement i Nord-Norge i tett samarbeid med regionkorpsa i heile regionen.

Andreas Øvringmo skal vikariere som dagleg leiar i NMF Nord-Norge til Christina Solheim Karlstad er tilbake frå morspermisjon i februar. Han reknar med det blir ein del komitearbeid og mykje planlegging mot ein spennande haust.

– Vi har starta på ein jobb med å nå ut til fleire av medlemmene våre. Det beste med jobben er aktivitetane ute blant medlemmene, som kurs, konkurransar og stemne.

– Korleis kan Nord-Norge (med store avstandar) best mulig vise igjen på korpsfronten?

– Sjølv om det er store avstandar mellom korpsa frå heilt nord til heilt sør i regionen er det mange korps som er relativt nær kvarandre. Her kjem korpsklynger inn som eit viktig bidrag. Øvingshelger og andre samarbeid med f.eks julekonsertar og andre konsertar/arrangement, seier Ida.

– Med lange avstandar blir vi tvinga til å vere litt ekstra krative og akkurat no er det mange fine samarbeid på tvers av grensene. Det kan verke som korpsa betyr mykje meir for lokalbefolkninga enn det som har vore synleg til no, svarer Andreas.

Det kan verke som korpsa betyr mykje meir for lokalbefolkninga enn det som har vore synleg til no.

– Kvifor er korpsaktiviteten viktig for born, unge og vaksne?

– Korps er ein arena der samspelet mellom born, ungdom og vaksne er heilt unikt. Born lærer å samhandle på ulike plan, ikkje berre med foreldre og søsken. Korpsaktiviteten stimulerer den kreative hjernehalvdelen og aukar både livsgleda, sjølvtilliten og fellesskapskjensla. Dessutan styrker korpsaktiviteten evna til læring også i skulearbeid og seinare i livet, seier Andreas.

– Korps er med på å dyrke glede, samhold og mestring, svarer Ida.

Akkurat det har Ida fått med seg frå barnsbein. For ho har spelt i korps sidan ho var lita og alltid elska korps. No om dagen dirigerer ho også eit aspirant- og juniorkorps.

Andreas begynte i korps då han var 9-10 år gamal, og har halde på sidan. Interessa for musikk har alltid vore der og er blitt forsterka gjennom gode tilbod i ulike korps.

-I meir vaksen alder har undervisning og direksjon tatt meir og meir fokus, men eg prøver å spele innimellom.

– Kva er planen for sommaren?
– Arbeide med og planlegge NMF Nord-Norge sine arrangement for hausten 2020 og våren 2021. Og så gå mange fine turar på fritida, seier Ida.

– Planlegge godt for hausten, gå litt i fjellet og nyte sommardagane, om og når dei kjem, avsluttar Andreas.

Nye medarbeidarar i Nord-Norge, Andreas Øvringmo og Ida Pettersen

Nye medarbeidarar i NMF Nord-Norge. Andreas Øvringmo og Ida Pettersen Tande. Foto: privat

Christina kommer tilbake 1. februar 2021, men vi håper å høre fra deg før det!

Henvendelser til NMF Nord-Norge sendes til:
nordnorge@musikkorps.no
andreas@musikkorps.no eller 902 08 920
idap@musikkorps.no eller 404 38 170

Vår postadresse er fortsatt:
NMF Nord-Norge. Krognessvegen 33, 9006 Tromsø.

Ta gjerne kontakt hvis du lurer på noe!