Dirigentkurs for unge og gamle
Kvart år arrangerer NMF dirigentkurs i Larvik. Norges einaste dirigentprofessor Ole Kristian Ruud er fast undervisar. Kurset er ein del av NMFs dirigentsatsing og blir gjennomført som masterclass. Det praktiske arbeidet på kurset blir gjennomført med Nanset Blåseensemble, under veiledning av Ole Kristian Ruud.
Ruud er ein sentral person i det norske dirigentmiljøet og har tidlegare vore sjefdirigent for Trondheim symfoniorkester, Stavanger symfoniorkester og Forsvarets stabsmusikkorps. I dag er han professor ved Norges musikkhøgskole.
Miksa deltakargruppe
Deltakarane på dirigentkurset i Larvik er ein miks av unge, flinke studentar og nokre eldre dirigentar frå korpsrørsla.
– Alle dei 19 deltakarane (i 2016) held eit høgt nivå og det er mykje å hente fagleg både for dei aktive og ikkje minst for dei som sit og høyrer på, seier ansvarleg for kurset Trond Korsgård.
Satsing på høgste nivå
Deltakarane under kurshelga i Larvik dirigerer Nanset Blåseensemble som er eit av Norges beste janitsjarkorps. Saman med Stavanger Brass Band og Stavanger Symfoniorkester (som blir brukt under Dirigentuka) er Nanset Blåseensemble og dirigentprofessor Ole Kristian Ruud ein del av NMFs satsing på dirigentar på høgste nivå.
Tilhøyrarar lærer også
Dirigentkurset denne helga er kurs for dei mest ambisiøse og avanserte dirigentane, men gir også godt utbytte for tilhøyrarane. Ein del av korpsdirigentane som har vore med tidlegare har meldt seg på som passive deltakarar. Og fleire har vore med på alle dei fire kursa.
– Det er ofte lettare å få med seg undervisninga når ein berre kan sitte og høyre på og ikkje må opp på podiet og prestere. Dessutan er undervisninga også lærerik for skulekorpsdirigentar og andre, seier Korsgård.
Videoundervisning
Som alle åra tidlegare blir det brukt video i undervisninga som blir analysert i etterkant.
Les intervju med Ole Kristian Ruud: Med hjarte for korps og dirigering