Over 3000 musikantar konkurrerer i helga
Det er stor korpsaktivitet til helga, og mange øver på spreng til konkurranse. Hordablæsten i Bergen samlar over 2000 musikantar, medan Nordvesten Møre og Romsdal går av stabelen på Skodje. Her møtest over 600 born og unge, i tillegg til vaksenkorpskonkurranse med 12 korps i aksjon.
Hordablæsten
74 korps, 118 ensemble, 370 solistar og 250 aspirantar er påmeldt til årets konkurranse Hordablæsten i Bergen. Dette er om lag det same som rekordpåmeldinga dei to siste åra.
– Dette viser at konkurransen har stabilisert seg som ein av dei største i Norge, seier dagleg leiar i NMF Hordaland, Randi Kvinge.
Tre korps frå Nordhordland stiller som teknisk arrangør og har ansvaret for planlegging og gjennomføring. Dei har ein heil dugnadsgjeng i sving alle dagane. Dei tre er Manger Musikklag, Manger skulemusikklag og Sæbø skulemusikklag.
Nytt av året er informasjon via ein app i Apple Store. Informasjon på papir blir også tilgjengeleg.
Konsert – miljøskapar – solistpris
Hordaland Ungdomskorps spelar under festkonserten søndag kveld med dirigent Arvid Anthun. I tillegg blir «Årets miljøskaper 2015 Hordaland» kåra og Årstad Musikkorps deler ut solistpris saman med NMF Hordaland.
Nordvesten Møre og Romsdal
I Nordvest samlast skule- og generasjonskorps, i alt 20 korps til konkurranse, eller rundt 500 musikantar. Det er langt fleire enn tidlegare år. Teknisk arrangør er Tomra Ørskog Festival, med Tomra Brass Band i spissen som parallelt arrangerer konkurranse for 12 vaksenkorps i idrettshallen.
– Det er superkjekt at vi er så mange i år, seier Ingrid Sofie Nygaard dagleg leiar i NMF Nordvest. Vi har innleia eit samarbeid med Tomra Ørskog Festival og i år samlast alle same helga i same hus, i Gomerhuset på Skodje. Det trur ho er fruktbart.
Medaljar
Alle deltakarane i skule- og generasjonskorpskonkurransen får tilbod om konkurransemedaljar i år, som eit synleg bevis på deltaking.
– I dei andre regionane har borna tatt i mot medaljen med stor glede.
113 aspirantar
Nytt i Nordvestmesterskapen i år er at dei 113 aspirantane også får bli med og vise seg fram.
– Vi tilbyr eit eige aspirantseminar inkludert i påmeldingsavgifta til korpset. Dette gler vi oss veldig til, seier Nygaard og legg til at det er festkonsert med Tomra Brassband med gjestesolistar laurdag kveld.