Richard Bazarnik frå Polen reiser verda rundt med tromma og lagar show og underhaldning som involverer publikum.

Har korpset ditt meldt seg på?

Alle korps er invitert! Korps står i fokus! Det skal visast at Norge er fullt av flotte korps i alle fargar og fasongar.

Håpar på stor deltaking

– Dette blir storarta. Det er berre å hive seg rundt og melde seg på i dag, seier prosjektleiar Berit Handegard.

Ho håpar på at deltaking til Landsfestivalen 2018 vil bli like god, og kanskje endå betre enn under Landsfestivalen i Trondheim i 2014. Då kom 9000 deltakarar.

Her kan du melde deg på

– Det er mykje som skjer under Landsfestivalen. Alle norgesmeisterskapa for skolekorps er sjølvsagt lagt til Bergen, men i tillegg skjer det mykje utanom. Her blir det god stemning, og store opplevingar som du ikkje får på mindre arrangement, seier Handegard.

Heile festivalhelga står i musikkorpset sitt teikn. Framfor alt skal korpset ditt vere med å fylle Bergen med musikk desse dagane, kom og slå på stortromma, og bli med på Landsfestival 2018!!! 

Ikkje lenge til 2018

I dag, 23. august er det 130 dagar til 1. januar, som er starten på Musikkorpsenes år. Regjeringa har gitt 2018 offisiell status som Musikkorpsenes år. I tillegg er Norges Musikkorps Forbund 100 år og framleis ein viktig kulturaktør i samfunnet. Saman med Forsvarets Musikk som feirer 200-årsjubileum blir året markert med mange arrangement utover året.

Hovudarrangementet er Landsfestivalen i Bergen 28. juni – 1. juli der også dette står på agendaen:

Norsk Military Tattoo på Brann stadion med HMK Garde. Der blir det også sykkelshow (Nederland – youtube-video)

Fyrverkerikonsert med Marinemusikken

Klangstafett – Et verk av Torstein Aagaard-Nilsen som skal framførast av alle deltakarkorpsa som stafett frå byromma til Torgallmenningen. Dette blir stas folkens! Bli med og gjer Landsfestivalen til årets høgdepunkt for korpset i 2018!

Og gå ikkje glipp av regjerande europameistrar i brass, Eikanger-Bjørsvik Musikklag som spelar konsert.

Det er i Bergen det skjer sommaren 2018!

Kom til Bergen på Landsfestival 2018! Foto: Bergen Reiselivslag/Gjertrud Coutinho

Kom til Bergen på Landsfestival 2018! Foto: Bergen Reiselivslag/Gjertrud Coutinho