525 korps får støtte gjennom Instrumentfondet 2017. 17 av korpsa får 100.000 kroner kvar.
Norges Musikkorps Forbund har fordelt 13,217,175 kroner gjennom Instrumentfondet 2017. I alt 525 korps får støtte. 17 av dei får 100.000 kroner til instrumentkjøp.
Korpsa har fått tilsendt tildelingsbrev og utbetaling er gjort.
Tildelinga for 2017 fordeler seg slik:
Kr. 100.000,- 17 korps
Kr. 75.000,- 30 korps
Kr. 50.000,- 44 korps
Kr. 30.000,- 89 korps
Kr. 20.000,- 96 korps
Inntil kr. 10.000,- 249 korps
Kriterier som er vektlagt i behandlinga av søknadene er tildelingshistorikk, dyre/prioriterte instrument, tilsig av besetning, i tillegg til ei heilheitsvurdering.
Tildelingsliste Instrumentfondet 2017
Instrumentfondet er ei statleg støtteordning for skulekorps og -orkester der det blir løyvd pengar til kjøp av instrument. NMF er saksbehandlar av Instrumentfondet for alle korps i Norge, uavhengig av medlemskap.
Behovet for pengar til instrument i korpsa rundt om i landet er stort. I fjor søkte fleire enn nokon gong. Alle med gyldig søknad fekk midlar i år. Altså 525 søkarar.