Det heile kjem i stand når eitt av dei beste brassbanda i verda vitjar Nordfjordeid  i høve underhaldningskonserten Brassfest i Operahuset Nordfjord.

Medaljegrossistar

– Dette blir ein fantastisk inspirasjon for korpsungdomane våre, seier Anne Britt Dypveit, leiar i Kjølsdalen musikklag som arrangerer konserten. Arrangørane er svært glade for at korpset frå Nordhordland ynskjer å stimulere spelegleda til dei yngste korpsmedlemmene i kommunen enda meir

– Dette korpset er det mestvinnande i landet, med mange NM-sigrar og svært gode plasseringar i EM, fortel Dypveit.

Gratis seminar

Seminaret er gratis for musikantane og skulekorpsa. Alle dei fire skulekorpsa i Eid har meldt på musikantar til hendinga.

Deltakarane blir delte inn i ti grupper, som får undervisning av dyktige musikarar og pedagogar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Kanskje dei til og med får spele saman med nokre av verdas beste korpsmusikarar?

Underhaldningskonsert

Seminaret vert halde i forkant av underhaldningskonserten i Operahuset Nordfjord. På konserten deltek også musikklaga Kjølsdalen, Torskangerpoll og Jølster.

– Konserten er unik i sitt slag i våre trakter og open for alle, seier Anne-Britt Dypveit. Ho oppmodar musikkinteresserte om å ta turen til operasalen denne laurdag ettermiddagen.

Norges beste til Nordfjord

Det er Eikanger-Bjørsvik Musikklag som spelar konsert i Operahuset Nordfjord. Kjølsdalen Musikklag har jobba lenge for å få landets beste brassband til bygda. Nordhordlandskorpset har vunne NM siste fire åra, og kome på andreplass i EM både i år og i fjor.

Stor draum

Draumen om å få førebiletet Eikanger-Bjørsvik til Eid, går no endeleg i oppfylling for Kjølsdalen musikklag.

– Vi har jobba med dette lenge, og jubelen stod i taket då vi endeleg fekk stadfesta at dei faktisk kjem, seier leiar Anne-Britt Dypveit.

EBML skal også halde kyrkjekonsert i Førde søndag, saman med Førde Skulemusikkorps.

Lokal helt

Ekstra stas for eidarane er det at Jon-Vegar Sole Sundal nettopp har fått plass som esskornettist i Eikanger-Bjørsvik. Han er frå Kjølsdalen og starta korpskarriera si i både skulemusikken og musikklaget der.

I toppen

Musikken har alltid vore viktig for 27-åringen, han har gjort det godt i fleire korps i Bergens-området. Hausten 2013 vann han til dømes solistprisen på Siddis Brass med Kleppe musikklag. Eitt år etter fekk Jon-Vegar den gjeve plassen som esskornettist i Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Nærare toppen i korpsverda er det så å seie ikkje mogleg å kome.

– Vi har jobba for og med dette lenge, no ser vi fram til at det heile brakar laust. Konserten er unik i sitt slag i våre trakter, eg håpar alle musikkinteresserte tek turen til operasalen laurdag ettermiddag, oppmodar korpsleiar Anne-Britt Dypveit.