Med framtida i sikte

Vi er framleis i ei tid då det kanskje kan vera krevjande å leggja klare planar. Like fullt er det viktig å tenkja dei kreative og konstruktive tankane om ei strålande framtid for korps våre. Både med tanke på tida rett etter – og lenge etter korona – har NMF starta arbeidet med strategiplan for organisasjonen, gjeldande for åra 2022 – 2026. Vi har i dag ein god plan, men denne skal evaluerast og reviderast fram mot landsmøtet 2022. Dette skal ikkje berre vera ein plan for oss som jobbar i NMF, men for oss alle, slik at vi saman kan styrka alle ledd i organisasjonen, til beste for det enkelte medlemskorpset.

I  samband med dette har vi sterke ønskje om innspel frå heile organisasjonen om vegen vidare. Ut frå hovudstrategien «NMF skal styrke det enkelte medlemskorps», ønskjer vi tilbakemelding frå deg og dine om korleis NMF på best mogleg måte kan styrka korpset ditt. Vi håpar korpsstyra vil senda oss tre prioriteringar NMF kan gjera – og vektlegga – for å styrka nett ditt korps. Prioriteringane kan sjølvsagt også gjerne være tiltak NMF allereie gjennomfører.

Her finn du skjema til utfylling: https://surveys.enalyzer.com?pid=d6dukifa.

Vi ser fram til mange gode tilbakemeldingar, og gjerne tindrande klare råd😊

Svarfrist er 14. mai.

Hjarteleg takk!!