Elsafadi tar utgangspunkt i orkesteret, eller korpset om du vil, og samanliknar det med alt av grupper i samfunnet der samspel er viktig. Metaforen er ikkje ukjend og kan enkelt overførast til det verkelege livet.

– Ja, eg tenkjer at orkesteret har forskjellige menneske med ulike instrument. Vi er alle født ulike med ulike kvalifikasjonar, og må lære å spele saman.

Fellesskap kling godt

For å få til fellesskap må alle finne ein god tone og felles rytme for å få samspelet til å klinge godt. Menneske med ulik erfaring, bakgrunn og historie, kan finne saman i ein god rytme.

– Det gir meining for dei fleste, om det er i familien, i korpset, fotballaget, orkesteret, i organisasjonssamanheng, i ein by, i eit land, ja på heile kloden. Det å skape tonar saman er grunnfjellet i livet!

Å skape tonar saman er grunnfjellet i livet

Vart godt integrert

Elsafadi (bror av den meir kjende basketballspelaren og foredragshaldaren Marco Elsafadi) er født i Libanon og vore flyktning i Berlin før han kom til Norge som 13 åring. Han var i ferd med å hamne i dårleg miljø i Tyskland og det same kunne ha skjedd i Norge dersom familien ikkje hadde blitt godt integrert. Han har opplevd effekten som lokalsamfunnet og personlege relasjonar kan ha. Dette er ein viktig grunn til at han har engasjert seg i debatten rundt integrering.

– Korleis meiner du vi skal få med barn og unge i ein viktig fritidsaktivitet/korpset?

– Alle barn og unge har godt av å komme inn i orkesteret/korpset, ein arena med lavterskeltilbod. Å trene på samspel på ein arena, om det er fotball, ski eller korps er viktig.

Alle må knekke koden

Han legg til at også vaksne har godt av å vere i eit fellesskap.

– Dei vaksne som ikkje har knekt denne koden, slit gjerne med å finne sin plass i fellesskapet. Men spelar du eit instrument, eller fotball kan du inkludere inn ein kinesar eller colombianar og han/ho finn sin plass uansett, for korpset og laget har eit felles språk. Musikk er eit felles språk.

– Kvifor er det viktig å inkludere? Elsafadi svarer med eit spørsmål tilbake.

– Kor mange skal til for å øydelegge eit miljø? Spørsmålet har han stilt til mange, og kvar gong har han alltid fått det same svaret: EIN!

– Eg trur det er viktig å inkludere fordi ingen ønskjer å betale prisen det kostar om ein person blir utestengd. Det er ingen som vil oppleve Bering Breivik (22. juli) på nytt, eller oppleve situasjonar som i USA der unge tyr til våpen fordi dei ikkje er godt inkluderte. Det å finne sin ressurs så ein ikkje blir ressursbrukar er alfa og omega, seier Elsafadi.

Ingen ønskjer å betale prisen det kostar om ein person blir utestengd

Han nemner desse eksempla om dei ekskluderte for å vise at det skal så lite til før det går gale og difor så viktig å inkludere.

Alle er viktige

Foredragshaldaren fekk tidleg innpass på fotballaget og fortel om spelaren som etter kampen la ut til publikum om kor viktig heile teamet er for laget. Alt frå vaktmeisteren, han som vaskar draktene, trenaren, dirigenten, vaffelsteikaren, kaffikokaren og stolryddaren etter øving. Alle har sin plass på laget/i korpset. Det vart ei rørande historie.

– Vi må sjå det heile bildet og då er alle like viktige, både solisten og 3. kornettisten.

Elsafadi held sitt foredrag på konferansen søndag 8. januar kl. 1145.

Inkludering i NMF

NMF jobbar med inkludering. Det er eit av mange tiltak i handlingsplanen. Verdiane engasjert, inkluderande og inspirerande skal gjennomsyre arbeidet i organisasjonen.

Til Kragerøkonferansen 2017 kjem fleire foredragshaldarar med spennande tema som angår aspirantkorps- og skulekorpsdirigent, styremedlemmer og tillitsvalde.

Her finn du programmet