Vaksdal barne- og ungdomskorps er for barn og unge i alderen 6-16 år. Leiar og dirigent i korpset er Uldis Plepis. Det er berre eit korps for barn og unge i Vaksdal kommune, og det gjer at dei blir rekruttert frå heile kommunen.

Styring

Vaksdal barne- og ungdomkorps er styrt på dugnad gjennom eit foreldrestyre, samt støtte av kulturskulen. Korpset samarbeider med vaksenkorpset i kommunen og også skulekorps frå andre kommunar.

Start i korps

Åsmund Vetle Bru Nøkling seier at å spele i korps er å anbefale til dei som vil læra å spela eit instrument.

– Bli med i eit musikkmiljø og vere sosial, oppfordrar han.

– Eg gler meg til å bli betre på saksofon og sjølvsagt til Hordablæsten i april neste år. Det er eit høgdepunkt for alle i korpset.

Utfordringar

Korpset har dessverre problem med å skaffa eigne øvingslokale og finne rom til lagring av instrument og anna materiale. Korpset har ei utfordring med å rekruttere nye musikantar og å halda på musikantane i ungdomsåra. Og korpset eig ikkje altfor mykje pengar, så innkjøp av instrument og materiell er også ei utfordring.

Vaksdal barne- og ungdomskorps øver, men ønskjer fleire medlemmer. Foto: Karina og Martine.

Vaksdal barne- og ungdomskorps øver, men ønskjer fleire medlemmer. Foto: Karina og Martine.

Sosialt å spele i korps

Haldis Tuva Tolås Boge er 15 år, og er medlem i korpset og spelt tverrfløyte i korpset i 6 år.

– Eg likar å spele i korps fordi det er sosialt og ein lærer mykje. Eg vil anbefale å byrje i korps til dei som likar musikk og likar og vere saman med andre.

Ho gler seg også til Hordablæsten til neste år.

– Det trur eg blir kjekt, seier Haldis Tuva.

Tida framover

Vaksdal barne- og ungdomskorps ynskjer å framleis vere ein viktig del av kulturlivet i Vaksdal kommune. Korpset gjev born og unge eit trygt og godt musikalsk miljø å veksa opp i. Difor vil korpset ha eit tett samarbeid med kulturskulen i bygda, og dei vil jobbe for å rekruttera nye medlemmer.

Skrive av Karina Kulshamar Ulevik og Martine Eidsnes frå Vaksdal som brukte OD-dagen sin blant anna til å skrive om korpset i heimbygda si. 

Dei var også ute og filma I <3 korps. Sjekk videoen på Facebooksida vår.