Det nyttar å seie frå
Hammartun Skolekorps på Lillehammer har fått betre øvingslokale. Etter at dirigenten varsla om problem med lyden i øvingslokalet, tok Hedmark og Oppland Musikkråd jobben med å måle lydnivået i lokalet, etter Norsk Standard (NS8178).
I løpet av berre få veker har Hammartun skolekorps fått gode øvingslokale. Takka vere at dei melde frå om lydproblema sine.
– Av og til går ting glattere enn frykta, seier dagleg leiar i Hedmark og Oppland Musikkråd, Trond Eklund Johansen.
Kjapt levert
I november vart han oppringt om problemet. Allereie i vinterferien (veke 8) vart arbeidet med å montere dempande plater i tak og vegger gjort av eigedomsetaten i kommunen. Kostnaden på 150.000 kroner er fordelt mellom korpset, skulen og eigedomsetaten.
Flott resultat
– Resultatet er blitt veldig bra. Dette er flott levert av kommunen og korpset er kjempefornøgd, seier Eklund Johansen.
Målerapporten frå Musikkrådet vart brukt som grunnlag av firmaet som monterte platene. I tillegg ser det ut til at eit anna korps i byen vil prøve å flytte øvingane sine til same lokalet.
Rapporten frå Hedmark og Oppland Musikkråd kan du lese her.
Norsk Musikkråd og Musikkens studieforbund har sidan slutten av 80-talet hatt stort fokus på lokale til musikkformål og tok kontakt med Standard Norge for å drøfte utviklinga av ein offisiell standar for akustikk i musikklokale. I to år vart det jobba effektivt med ein slik standard og i april i fjor (2014) var den klar.
Les artikkel: Norsk standard 8178