Osterøy Skulebrass er eit felles skulekorps for Osterøy kommune og rekrutterer frå alle barneskulane. Me har musikantar i alderen 8‐19 år og er aktive i lokalmiljøet med konsertar og arrangement. Dei siste åra har me deltatt årleg på Hordablæsten (2019 ‐ 1.plass i 3 div) og på NM annankvart år. Korpset samarbeider med Osterøy Kulturskule om gruppeøvingar og aspirantopplæring. Osterøy Skulebrass tel 25 musikantar og 5 aspirantar.

Øvingstid:  Mandag 17.30 – 20.00  på Osterøy Ungdomsskule ‐ 30 min frå Bergen.

Me søkjer deg som:

  • Har relevant musikalsk utdanning/erfaring. Relevant pedagogisk utdanning / erfaring er  ønskjeleg.
  • Har evne til å engasjere og begeistre.
  • Er tålmodig, omsorgsfull og god på å byggja relasjonar.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Ser alle.
  • Er kreativ – men strukturert og systematisk.
  • Arbeider for meistring og musikalsk utvikling.
  • Brenn for arbeid med born og unge.

Personleg eigenskap vert vektlagt.

Dirigent deltek på øving mandag 1730 – 2000, helgeseminar og konsertar/konkurransar.      

Langtidsplan: 

  • Rekruttere 10 – 15 nye aspirantar årleg.
  • Vere synleg i nærmiljøet.
  • Bli ein kjent institusjon i nærmiljøet.
  • Etablere juniorkorps og hovudkorps med brei besetning.

Me kan tilby:  

  • Honorar etter avtale.
  • Lærevillige musikantar.
  • Godt organisert korps, positiv foreldregruppe.

Spørsmål kan rettast til Lene Revheim, leiar 99773714 eller Knut Mathisen, nestleiar 91302580.

E‐post: osteroyskulebrass@gmail.com

Oppstart i august 2020.

Søknadsfrist: 25.juni     

Den som får tilbod om stillinga må leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Osterøy Skulebrass ‐ Speleglede og meistring!