Drømmestipendet består av 100 stipend a 10.000 kroner – til saman ein million kroner. Stipendordninga er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.

Kvar kommune kan nominere ein person eller gruppe innan kvar av desse kategoriane; dans, musikk skapande skriving, teater, visuell kunst og anna.

Elskar korps

Jurymedlem for musikk, Anne Guri Frøystein oppfordrar musikantar i musikkorps om å melde seg på til Drømmestipendet. Frøystein elskar korps og håpar mange korpsmusikanter melder seg som kandidatar til årets drømmestipend. Det gjer du ved å kontakte kulturskulen i kommunen du bur i. Ho minner om at også skulekorps kan være aktuelle for nominering. Så her er det berre å ta oppfordringa og melde seg på!

For ungdom mellom 13 – 20 år

I år (2016) må du vere fødd tidlegast i 1996 og seinast i 2003 for å kunne bli nominert til Drømmestipendet. Ta kontakt med kulturskulen i eigen kommune for å få meir informasjon om fristar osv.

Torsdag 12. mai blir dei 100 heldige offentleggjort.

Ønskjet til Kulturskulerådet og Norsk Tipping er å synleggjere kommunen sitt arbeid for born og unge og at stipendet skal vere verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar.

Her kan du lese meir om Drømmestipendet.