Vebjørn Thunes frå Radøy, Cecilie Maria Eikaas frå Bergen og Sverre Rødde Knudsen frå Stavanger gler seg til å møte nye vener og få musikalske utfordringar. Dei starta øvingane i Oostende frå laurdag 22. april.

Spele saman

– Eg ønskjer å delta fordi det høyrest ut som ein kjekk måte å spele saman med andre flinke ungdomar og som er på same alder, seier Vebjørn.

Han er ferdig med vidaregåande, går på intensivgymnas og tar realfag samtidig som han spelar kornett/trompet i Manger Musikklag, Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester og Eric Odeen storband.

– I ein travel kvardag har eg ikkje fått øvd så mykje som ønska, men eg har hovudsakleg fokusert på notane til prøvespelet vi skal ha der nede. Basert på det får vi plassering i bandet, seier Vebjørn.

Øver mykje

Cecilie Maria går 2. året på Bergen Private Gymnas, BPG og har trompet som hovudinstrument. I tillegg er ho principal i Ytrebygda skolekorps (som har høge ambisjonar på NM skolekorps i år.) Også ho har øvd mykje, rundt 2-3 timar kvar dag og har høge forventningar til deltakinga.

– Eg trur det blir ei god erfaring og svært lærerikt å øve inn mykje musikk på kort tid med eit heilt nytt korps, og noko eg er sikker på at eg kjem til å få bruk for seinare.

Ho kjenner Vebjørn og ein del av dei andre musikantane som skal delta i konkurransen (EYBBC) frå Manger skulemusikklag og Tertnes Skoles Musikkorps.

Les: Dei spelar saman på før-EM-konsrt.

– Eg gler meg til å høyre på EM-deltakarane, og spesielt representantane frå Norge, seier ho.

Utfordrande og kjekt

Sverre Rødde Knutsen er den tredje norske som skal delta i EYBB. Han går 3. året på vidaregåande og speler trombone i Tasta skolekorps og i Stavanger Brass Band.

– Eg trur det blir veldig kjekt, og utfordrande. Vi har fått notane på førehand og det ser ut for å vere ganske mykje å øve. Det blir travelt ja, seier han.

– Kjem deltaking i EYBB i vegen for russefeiringa?

– Ja, men for meg er det kjekkare å få med meg EYBB og spele musikk og konsertar saman med ungdommar frå heile Europa. Dessutan er det litt russetid igjen når eg kjem heim, seier Sverre.

Hobby for livet

For desse tre er korps ein viktig hobby og ein god plass å skape musikk saman.

– Uavhengig av musikalsk arena prøver eg å gjere mitt beste. Dei erfaringane eg får i EYBB vil eg ta med meg vidare slik at eg kan utvikle meg som musikar. Vi har jo alle noko til felles, det å spele musikk, avsluttar Vebjørn.

Les meir om EYBB.