Sjå fullstendig resultat på 4barsrest. 

– Så stas!

– Dette var heilt utruleg, såååå stas, seier Reid Gilje EBML sin faste dirigent. Han og alle dei andre i korpset jubla lenge og vel etter at resultatet vart lest opp. Mange klarde ikkje å snakke, dei berre klemde på kvarandre, og jubla igjen.

Jubel; EBML vinnar av EBBC. Foto: Ian Glowes.

EBML jublar som vinnar av EBBC. Foto: Ian Glowes.

Høg kvalitet

– Framføringa av både pliktnummer og sjølvvald nummer var av ypperste kvalitet.  Dei spelte Fraternity av Thierre Deleruyelle også i NM, med ein flott framførelse då. Å prøve å gjenskape det, er veldig vanskeleg. Men i dag leverer dei så flott på scena, seier Gilje.

Og dommarane var heilt samde og gav korpset heile 98 poeng for dagens prestasjon.

Vil vere tema i heile Europa

– Eikanger-Bjørsvik sine to framførelsar vil bli snakka om dei neste dagane, i heile Europa, overalt, sa styreleiar Stig Ryland i sin helsingstale til medlemmene.

Korpset har vunne fleire 2. og 3. plassar i EM, men har ikkje tatt gullet sidan 1989. Sigeren i Oostende i Belgia er difor ekstra fortent.

Ny dirigent

Mykje av æra får dirigent Ingar Bergby. Han har skap tryggheit i korpset og musikarane er motiverte for oppgåva dei skal framføre. Bergby dirigerte dei også til NM-sigeren i år.

Ingar Bergby dirigerte EBML til Europameistrer. Foto: Olga Wergeland/NMF

Ingar Bergby dirigerte Eikanger-Bjørsvik Musiklag til Europameister. Foto: Olga Wergeland/NMF

Fantastisk oppleving

For mangeårige medlem og mister Eikanger-Bjørsvik «himselfe», Viggo Bjørge var det ekstra godt å gå heilt til topps. Han klarte ikkje å halde tårene tilbake.

Viggo Bjørge klemmer og gret. Han er veldig stolt over korpset sitt. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Viggo Bjørge klemmer og gret. Han er EBML «himselfe» og veldig stolt over korpset sitt. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Vi GRATULERER!!!!

Eit folkehav møtte fram på Flesland då korpset landa søndag ettermiddag. Avinor heidra musikantane med ein vatn-boge, som flyet køyrde gjennom då det landa.

Les: Folkehav ønsket EM-vinneren velkommen