Zamspillhelga med The Brazz Brothers og skulekorpsmusikantar i Narvik får uhemma skryt. Norges Musikkorpsforbund arrangerte Zamspill saman med Narvik Skolekorps  under Vinterfestuka i Narvik. Dette vart ei fantastisk musikalsk oppleving for dei som deltok og dei som høyrde på.

Hektisk, men moro

Leiar i Narvik skolekorps, Inger Dalheim fortel om ei travel, men veldig kjekk helg.

– Det er hektisk når mange korps samlast, men det har gått utruleg flott. Det er enkelt med korps. Dei er vande med å vere på kurs, å bu litt kummarleg. Dei har budd på skule utan kjøkken, men har hatt med seg både kokeplate, kjølebag og laga seg sin eigen mat. Alle korpsa har ordna seg heilt supert. Så ja, det har gått kjempefint!

Ungane har vore superfornøgde. Det er det viktigaste!

The Brazz Brothers i Zamspill i Narvik. Foto: Monia Buyle

The Brazz Brothers i Zamspill i Narvik. Foto: Monia Buyle

Gode pedagogar

Dalheim fortel at The Brazz Brothers er heilt fantastiske. Dei klarer å ta i vare alle, både liten og stor.  Borna får ta bilde saman med dei og gir borna ei forståing for at dei betyr ein forskjell.

– Ungane har vore superfornøgde. Det er det viktigaste! I tillegg synst dirigentane og instruktørane som har vore med at det har vore lærerikt.

Konsert for fulle hus

Søndag var det konsert i Folkets Hus og folk stillte opp.

– Det var stas for musikantane å få vist seg fram og framføre det dei har øvd inn. Det var fullt hus og med skikkeleg trøkk på konserten, seier Dalheim.

Måndag hadde Ankenes skolekorps, Bjerkvik Musikkforening (Generasjonskorps) og Narvik skolekorps to skulekonsertar i Folkets Hus. Også der var det stor stemning.

– Det er kjekt for musikantane som sit på scena å få vinka til klassekameratar som sit i salen. Her var det lyd og lys og ordentleg trøkk i salen, seier leiaren i Narvik Skolekorps.

Høg stemning frå scena under Zamspill i Narvik

Høg stemning på scena. Foto: Monia Buyle

Fleire skulekorps var engasjert denne helga (Salangen, Søreisa, Bjerkvik, Bardu, Narvik, Ankernes, Kjeldebotn – mange av desse driv som generasjonskorps, men berre borna var med denne gongen.) Narvik kulturskole hadde også invitert alle aspirantar til å vere med.

Heilt fantastisk

– Heilt fantastisk å vere med på, seier ei Julie Sollie på Facebook.

– Dottera mi, Mia har strålt heile helga for dette samarbeidet. Ho har knytt nye kontaktar som kan vare livet ut. The  Brazz Brotther er ei fantastisk musikalsk og pedagogisk gruppe. At dei til og med tok aspirantane under sine venger og let dei «jamme» nokre tonar, var stort for dei.

Samspel av aspirantar frå ulike korps. Foto: Monia Buyle

Samspel av aspirantar frå ulike korps. Foto: Monia Buyle

Sjå bilde frå helga på NMF Nord-Norge si Facebookside.