– Dette er ei artig og sosial veke med mykje hard trening. Eg prøver å få til god variasjon mellom hard og seriøs trening, men med artige innslag innimellom, seier drillinstruktør Eliassen.

Trenar seint og tidleg

På drillkurs i NMF Trøndelag er det drillarar frå ulike skulekorps som har meldt seg på. Dagane går med til trening frå ni om morgonen til seks om ettermiddagen.

Blir ikkje dette hardkøyr for utøverane?

–  Ja, det blir lange dagar. Men dei er flinke og står på. Det er ein skikkeleg positiv gjeng. Og dei fleste har vore med i fleire år og likar opplegget.

Held teknikken ved like

Ein utøvar som er med på kurset i år er Ingri Helen Husby (14) frå Stjørdal drilltropp. Ho har drilla i 8 år og lærer utruleg mykje på kurs.

– Eg er med for å halde det tekniske oppe i sommar. Her lærer vi nye triks og koreografi som vi kan øve på til hausten. Det er også artig og sosialt å treffe andre likesinna. Det er ikkje berre trening.

Blir de slitne av all treninga?

– Ja, det er godt å slappe av i pausane og på kvelden, men vi her her mest for å få trene. (Saka held fram under bildet)

Ingri Helene Husby og instruktør Mathias Langseth Eliassen. Foto: Veronica Risvik.

Ingri Helene Husby og instruktør Mathias Langseth Eliassen. Foto: Veronica Risvik.

Ho skryt av Mathias som instruktør.

– Han er veldig flink og kan veldig mykje. Og han er god til å lære bort og sjå kva vi gjer feil.

Ho gler seg til hentekonserten i Gronghallen laurdag.

– Vi har lært kule koreografier som dei som kjem på konsert laurdag får sjå.

Frå Japan via Grong til Canada

Ungguten og instruktøren frå Sandnessjøen ligg ikkje på latsida. Det siste halve året har han vore i Japan (verdas beste drillnasjon) for å trene drill. Denne veka er han instruktør på sommarkurs, og søndag 2. august reiser han rett frå kurs til Vancouver i Canada for å delta i to store drillmesterskap.

– Dette kurset her på Grong er det einaste eg har tid til å vere instruktør på i sommar, fordi eg drillar sjølv. Heile sommaren min går med til å koreografere og instruere. Det er på ein måte sommarjobben min, å drille.

Prioriterer instruktørjobben

Eliassen likar å formidle drillkunnskapen med andre som er villige å lære drill. Sjølv har han halde på som utøvar i 15 år. Men denne veka kjem instruktørjobben i fyrste rekke.  Etter jobben er gjort, kan fokuset rettast mot han sjølv og eigentreninga som må til.

– Kveldane på Grong går med til å trene. Etter ein times pause etter instruktørjobben, ventar tre timar med eigentrening. For det skal mykje trening til for å bli god.

– Ja, det er slitsamt å fyrst ha ansvaret for instruksjonen på drillsommarkurs, og så bruke tre timar på trening etter at uøvarane er klare for å sosialisere seg. Men det er veldig kjekt. Eg sjølv har delteke på kurs på Grong og fann mykje inspirasjon og glede i å møte andre, drille saman og vere sosiale i lag.

Mathias under VM i Italia 2015 der han kom til finalen. Foto: Atle Ommundsen

Mathias under VM i Italia 2015 der han kom til finalen. Foto: Atle Ommundsen

God stemning i “leiren”

Drillansvarleg Veronica Risvik fortel at det er god stemning i «leiren». Drillarane har sitt eige bygg på folkehøgskulen, men har alle måltid og aktivitetar saman med dei rundt 50 musikantane som er på svart spelekurs også desse dagane på Grong.

– Treninga er tøff og utøvarane er slitne når dagen er omme, fortel ho. Men det er ein “boost” å ha med seg når hausten set inn og nye bevegelsar skal øvast inn.