Field Band Foundation feirer 20 års-jubileum i 2017
– Det er berre å notere det i kalendaren alt no! Den 26. oktober 2017 skjer det store ting i Sør-Afrika. Då skal det feirast at Field Band Foundation (FBF) er 20 år.
CEO for Field Band Foundation, Nicky du Plessis er på besøk i Norge. Ho har fått nokre minutt til å fortelje om Field Band, PULSE og om jubileet, til kommunikasjonsavdelinga i NMF.
– Eg kan snakke i fleire dagar om FBF, seier ho lattermild i det ho legg ut om organisasjonen og arbeidet i korps i Sør-Afrika.
Ser framover
For å markere jubileet har FBF fått utarbeidd eit nytt slagord «Fit for purpose» (Klar for nye formål.)
– Det viktigaste er å sjå framover! Sør-Afrika har forandra seg både sosialt, kulturelt og økonomisk sidan organisasjonen vart oppretta for 20 år sidan, seier Nicky.
– Vi forstår kvar vi kjem ifrå. Den gongen, rett etter valet opplevde vi å ha nådd «det lova landet». Alt var mulig. Folk var ledige og tilgjengelege på alle mulige måtar.
Det viktigaste er å sjå framover
I dag er ikkje Field Band Foundation den organisasjonen dei var for 20 år sidan. Nicky presiserer at for å kome vidare er det viktig å forstå kva som er forandra, kva som må forandrast, korleis handle, korleis tenke om seg sjølve og korleis oppføre seg.
I årsmeldinga til FBF skriv blant anna Nicky dette: If we always act to be fit for purpose, and if throughout we remember the «why» of what we do, then we will continue to be witness to astonishingly positive results in this important social development work of real, positively transformational consequences for young people.
Tenker stort
FBF, som i NMF, arbeider for og med ungdom. Det meiner Nicky det er viktig å vere klar over. Med 20 år «i teneste» har dei mykje å feire, men åra er likevel historie.
-Det er ikkje automatikk i at det kjem nye 20 år. Vi må bevise for oss sjølve at vi vil satse og derfor har vi valt eit slagord for 20-årsfeiringa som er framoverretta.
– Vi vil at Sør-Afrika og FBF skal vekse. Vi har eit sterkt håp å bli ein sterkare organisasjon, seier Nicky. Det er den tydelege beskjeden til medlemmene og difor er det større grunn til å rette fokuset mot dei neste 20 åra, meiner ho.
Vi har eit sterkt håp å bli ein sterkare organisasjon
Samarbeid Norge – Sør-Afrika
Sjefen for korpsa i Sør-Afrika er i Norge også for å møte dei fire sørafrikanarane som er deltakarar i utvekslingsprosjektet PULSE, eit samarbeid mellom Fredskorpset (FK), Field Band Foundation og Norges Musikkorps Forbund. Dei er travelt opptatt med VinterPULSE, i Oslo og Bergen i dei to vinterferievekene.
PULSE Stronger Together er inne i sitt tredje år og prosjektet føregår både i Norge og Sør-Afrika. Samarbeid gjer alle sterkare og er tufta på å auke kompetanse innan musikk og helse.
Viktig med evaluering
Nicky elskar evalueringar som kan dokumentere arbeidet som blir gjort. Field Band Foundation var heldige å få vere med i ein evalueringsrapport som ein sponsor gjennomførde.
– Evaluering gir oss viktig kunnskap og dokumentasjon på det vi jobbar med. Når vi seier at musikk hjelper folk, må vi også kunne bevise det.
PULSE – viktig for utviklinga
Det mest interessante i talmaterialet er at dei siste tre åra viser framgang, nettopp på grunn av PULSE-prosjektet. Ved starten vart organisasjonen (FBF) pressa til å ta stilling til viktige målsetjingar. Og fire viktige mål for PULSE er å høyre til, å vere plikta til, glede og fellesskap (belonging, commitment, joy and togetherness). Dette er også viktige mål for organisasjonen.
PULSE er «Life skills», å mestre livet med alle utfordringar som ligg i kvardagen. PULSE hjelper korps og gir medlemmene sjølvtillit. PULSE er viktig for vidare utvikling.
Det siste året er alle blitt meir bevisste på å samhandle. Field Band Education (FBE) er kome med på laget og når dei saman reiser ut til korps, dreg dei gode vekslar på kvarandre.
(Life-skills: Abilities for adaptive and positive behaviour that enable humans to deal effectively with the demands and challenges of everyday life. Kjelde: Wiki)
National Championships
Tilbake til jubileet i oktober. Feiringa skal skje to dagar til ende, med «National Championships», nasjonal korpskonkurranse. Den fyrste dagen er det fokus på aktivitetar, oppgåver, teamarbeid rundt «Lifte-skills», og ha det moro saman. Den andre dagen er det den stor konkurransedagen.
VinterPULSE i Oslo denne veka (8)
VinterPULSE i Bergen (veke 9)