Ida Kleiven Wågsholm

Ida Kleiven Wågsholm er primus motor for Spjelkavik Drillkubb. Ho «admininstrerer» 40 drilljenter frå 8 – 19 år. I tillegg har 20 nye aspirantar starta etter sommarferien.

Wågsholm har lang fartstid innan drill, både som utøvar, instruktør og dommar. Ho har leia Spjelkavik-jentene til pallplasseringar i NM, EM og VM, fire år på rad. Ifølge foreldre, styret og jentene sjølve har Ida eit høgt energinivå og gir inspirasjon til både drilljentene og foreldra. Ho er åleine om hovudansvaret innan koreografi og treningar og står på døgnet rundt.

-Vi er kjempeglade i og stolte over å ha Ida på laget, skriv dei i si tilråding til prisen. Ho tar vare på jentene både på trening og privat. Ho er utruleg flink til å sjå kva som passar for den enkelte drilljente innan teknikk, prestasjon og samarbeid med andre.

Linn Kvade Rannekleiv

Linn Kvade Rannekleiv har drilla sidan ho var 5 år. Ho har konkurrert nasjonalt og internasjonalt i alle solo og duettklassar. I tillegg Dance team, Twirl team og Pom pons. Ho har oppnådd toppresultat og har fleire pallplasseringar internasjonalt. Ho er instruktør, dommar og har bana veg for mange norske drillarar.

Ho har fått mange internasjonale stjerner til Norge for å undervise, og har sjølv som utøvar vore banebrytande i å sette Norge på drillkartet. Ho bestod nyleg internasjonal dommareksamen. Linn er kunnskapsrik, positiv, innovativ og løysingsorientert.

Line Tollefsen

Line Tollefsen har i mange år vore regional drillkonsulent for NMF Nord-Norge og vore aktiv i drillmiljøet i over 30 år, både i skulekorps, sportdrill og lagt grunnlaget for mykje av drillaktiviteten i konkurranseklubben Andenes drill.

I 2008 la ho saman med koreograf-kollega Anita Rosvoll, grunnlag for eit fellesskap av koreografi-utvikling innan drillkategoriar under namnet Roto.inc.

Line har blant anna vore drilldommar i 10 år, også internasjonalt, både på EM Twirling og EM Majorettes. Ho er også ein aktiv instruktør med utøvarar på mange nivå, både nybegynnarar og vidarekomne. Dei siste åra har ho hatt utøvarar i norgestoppen som også er ein del av det norske landslaget, blant dei trippel verdsmeister Mathias Langseth Eliassen.