Thorleif Eliassen

Thorleif Eliassen er leiar og drivkraft for Trønderbrazz (tidlegare Dalgårds skoles musikkorps). Det har han vore i 27 år. Dette er eit korps for born og ungdomar med ulike fysiske og psykiske funksjonshemmingar. Under Thorleif si leiarrolle har korpset utvikla seg til å bli ein sentral møteplass og ein viktig kulturinstitusjon for musikarar med funksjonshemming. 32 medlemmer mellom 8 – 47 år med fire instruktørar som utgjer korpset.

Det er leiaren og instruktørane si store forteneste at korpset har liten avgang og stadig får spørsmål om nye medlemskap.

Dei siste åra har korpset deltatt på mange arrangement, både på lokale festivalar og utanfor Trondheim. Korpset har i mange år hatt eit godt samarbeid med andre musikkgrupper som dei øver og opptrer saman med. Dei har eit stort kontaktnett innan kulturlivet i Trondheim, takka vere Eliassen.

Trønderbrazz har også bidrege til utvikling av eit korps for utviklingshemma i Albani gjennom pengebidrag, utstyr og instrument. Eliassen har også vore med å samle alle 7 spesialkorpsa (+ eit frå utlandet) til ei samling tredje kvart år. Utan Eliassen sin utrøytelege arbeidsinnsats ville det ikkje vore mulig å gjennomføre. Han har ei spesiell evne til å skape fellesskap og samhald i ei gruppe med svært ulike forutsetningar. Han skaper lagånd, er rettferdig og er ein god leiar.

Monica Husby

Monica Husby er leiar for Tønsberg Janitsjarkorps. Ho har vore formann i 15 år og leiar korpset på ein veldig profesjonell og dyktig måte. Tønsberg Janitsjarkorps har rundt 50 medlemmer, eig eit hus midt i sentrum (saman med Tønsberg Amatørteater og Tønsbergs Sangforening) Korpset er svært aktivt og har mange jern i elden. Av faste ting har korpset seminar, både haust og vinter, konsertar og sporadiske oppdrag som dukkar opp. Korpset tenker rekruttering og alle skulekorpsmedlemmer frå 13 år og oppover i distriktet blir invitert på eit par øvingar med påfølgande konsert. Alt i alt krev dette inntekter som korpset blant anna hentar inn ved å ha den daglege drifta av gjestehavna, kiosk, reinhald og innkreving av hamenavgift, basert på dugnad. 10-15 ungdommar er kvar sommar tilsett i «bedrifta». Monica Husby er ein nøkkelperson for å få alt dette til å gå rundt.

I tillegg til å ha ansvar som leiar er ho ein dyktig klarinettist. Tønsberg Janitsjarkorps er hennar hjartebarn. Ho motiverer, engasjerer, skaffar kontaktar, jobbar praktisk og byr på seg sjølv. Ho har saman med dirigenten lagt grunnlaget for god kultur for heime-øving og brukar seg sjølv til alt av oppgåver som skal gjerast.

Trude Stray Bjerkeseth

Trude Stray Bjerkeseth er leiar av Sinsen Musikkorps og har snudd ein negativ trend i korpset til å bli eit positivt korps med aukande oppslutnad. Trude er inkluderande og har vore med å legge føringar for visjonen til korpset: Enestående opplevelser. Korpset gjennom leiaren legg til rette for gode musikkopplevingar for både utøvarar og publikum. Dei gjennomfører varierte prosjekt gjennom heile året og har eit musikalsk og eit sosialt fokus. Målet til korpset er å vere profesjonelle i alle ledd der alle tar ansvar. Dei er med i BTP-prosjektet «Bli betre – få det betre». Dei er ca 55 medlemmer i korpset og har lagt stor vekt på å sette seg musikalske mål.