Norge deltek med 5 startnummer: Traditional Majorettes Corps junior og senior. Exhibition Corps senior, Parade Corps senior og Accessories Corps juvenile.

Trur på flotte prestasjonar

Landslagsleiar Ann-Cecilie Stokkenes gler seg.

– Eg trur det blir ein kjempefin tur, og trur på mange flotte prestasjonar frå dei norske troppane.

Kva er spenningsmomenta?

– Det er spennande å delta i eit internasjonalt meisterskap. Der kjem gjerne nervane som ikkje er der på eit NM. Alvoret synk gjerne inn rett før dei skal på golvet. Å stå framfor mange ulike nasjonar å vise kva vi driv med i Norge kan gje ein ekstra «boost», men kan også gje ekstra nervar.

Alvoret synk gjerne inn rett før dei skal på golvet

– Men så har vi jo eit fantastisk norsk publikum med oss. Dei er veldig oppmuntrande og til god hjelp for utøverane, seier Ann-Cecilie.

Florø Drill Foto: Lise Hagen Rebbestad

Hard konkurranse

Konkurransen i Majorettes er tøff. Her er det kategoriar som dei Aust-Europeiske er veldig dyktige på.

– Vi har vist før at vi kan kjempe heilt i teten, så det kan vi gjere igjen, og eg er sjølvsagt spent på dei norske, men fokuset må vere på prestasjon – ikkje resultat.

Fokuset må vere på prestasjon – ikkje resultat

Skedsmo Drill Foto: Lise Hagen Rebbestad

Har utøverane trent mykje?

– Ja, veldig mykje! Dei fleste troppane har hatt trening kvar helg, gjerne heilt sidan skulen starta i haust, og kvar dag dei siste dagane.

Kva er di oppgåve som landslagsleiar?

– Mi hovudoppgåve er å sørge for at alt går så saumlaust som det går an i eit meisterskap. Eg skal passe på at troppande kjem seg inn i sluser, gjennom passkontroll og ut på golvet når dei skal. Eg har ingen utøvarar med sjølv og kan ha ein eigen ro. Eg vil gjere det så enkelt som mulig for både utøvarar og instruktørar.

Sveio drilltropp Foto: Lise Hagen Rebbestad

Klare til dyst

Sveio drilltropp som Ann-Cecilie har vore instruktør for tidlegare hadde generalprøve i går. Og ho har fått tilsendt video frå dei andre for å sjå kor landet ligg.

– For meg ser det ut for at alle er godt førebudde og klare til dyst, seier ho.

EM Twirling i Kroatia foregår frå 11. – 14. oktober 2018. Torsdag har Norge musikktest kl. 1100, så er det litt fri før åpningsseremonien startar kl. 1930. I år er det få som reiser og dermed blir det litt betre tid å oppleve byen.

– Porec er ein fin by og det blir bra å få litt fri til å oppdage byen, seier Ann-Cecilie.

Følg med NMF si Facebookside og på Facebook-sida DRILL I NMF. og Instagram – nmfkorps

Streaming fra EM: trykk her! 

Snapchat – nmfkorps– Legg til nmfkorps hvis du ikkje alt har gjort det.

Frå Norge reiser elles president i NBTA Norway, Lise Hagen Rebbestad og nasjonal drillkonsulent i NMF Ida Kleiven Wågsholm.

NMF ønskjer alle lykke til!!!!