Fire skulekorps med på proff teateroppsetting i Kristiansand
Fire skulekorps frå Kristiansand og Lillesand er med på Agder teater sine forestillingar «Doktor Proktors Prombepulver» basert på Jo Nesbø si bok med same tittel. 14 skulekorpsmusikantar er på scena fem dagar i veka. For å få alt til å gå i hop, rullerer korpsmedlemmene på dagane dei deltek.
Når Kilden inviterer publikum inn i Nesbø sitt ville univers, handlar det om promping. Og her snakkar vi om kanonsmell, som brenn hol i buksa og sender små gutar ut i verdsrommet og tilbake igjen.
Dette er skulekorpsmedlemmer i Høvåg Brass Band (Lillesand), Randesund skolemusikk, Torridal Skolemusikkorps og Møvig og Sjøstrand skolemusikk med på i desse førjulstider.
24 framsyningar
Teateroppsettinga i kulturhuset Kilden går for fullt om dagen og har framsyning heilt fram til 19. desember. Med totalt 24 framsyningar er det ein tøff jobb for dei medverkande og musikantane.
– Ja, det er travelt. Men det spleisar korpsmedlemmene saman og gir korpset ein annan kvardag. Vi er med på noko vi ikkje gjer til vanleg, seier kontaktperson for alle dei fire korpsa, Borghild Løvbrøtte.
Fire veker med teater
Løvbrøtte fortel at dei har lagt vekk fellesøvingane desse fire vekene, men har konferert med korpsmedlemmene når kvar enkelt kunne stille og lagt turnusplan etter det.
– I utgangspunket er det ei veke på kvart korps, men vi har forsikra oss med musikantane når det kunne passe for dei.
Proff teaterframsyning
Dette er ei oppsetning som borna likar. Forestillinga har fått gode kritikkar med terningkast 5 i Fedrelandsvennen.
– Skodespelarane som er med er heilt fantastiske, og vi er med på ei proff oppsetning, fortel ho.
Gir ekstra samhald
– Dette gjer noko med samhaldet vårt over korpsgrensene. Her må musikantane spele teater også, like mykje som å spele instrument. Det er mykje koreografi for amatørane som er musikantar i deler av stykket. Og alle får god innsikt i teaterverda.
– Med få nære kjende, må musikantane også snakke med dei som dei elles ikkje snakkar så mykje med til vanleg, og det er bra, seier Løvbrøtte.
Her kan du lese meir om dei andre medverkande i teaterstykket.