– Eg står framfor spegelen og dirigerer for meg sjølv, men latar som eg står framfor eit stort korps eller orkester. Det er mykje forarbeid og litt slitsamt ja, men det går bra.

Fyrste gong med korpsbesetning

Edvin André Simenstad studerer direksjon på Norges Musikkhøgskole (NMH) med lærarane Ole Kristian Ruud og Per Sigmund Thorp. Han er den fyrste i Norge som held eksamenkonsert på masternivå med korpsbesetning i Norge. Det skjer ved NMH torsdag 2. mars. Dagen før dagen er sjølvsagt ekstra spennande.

– Ehh, det er ein kombinasjon av å gle seg og grue seg. Generalprøva i dag gjekk veldig bra, så eg gler meg mest akkurat no, seier han.

Har dirigert mange korps

Simenstad har delteke på fleire mesterklasser med blant andre Eivind Gullberg Jensen, Jorma Panula og Jukka-Pekka Saraste. Som ein av dei fyrste til å gå bachelorstudiet i direksjon har ha allereie dirigert fleire av dei beste amatørkorpsa på Austlandet. Han har vore assisterande dirigent på ein konsert med Kringkastingsorkesteret og dirigert konsert med Forsvarets musikkorps Nord-Norge ved to høve.

Korps er viktig

Han er ein ekte korpsgut som framleis spelar klarinett. Korpskarriere starta i Bjørndalen skoles musikkorps. Han har vore med på tallause sommarkurs, instruktør- og dirigentkurs i regi av Norges Musikkorps Forbund.

– Ja, det var desse kursa som bana vegen for dirigent-karriera mi. Det er korps eg satsar på og interessert i.

– Kva er gøy med å dirigere?

– Det er du som får forme musikken, å få vere sjef. Eg kan ha mange meiningar om korleis musikken skal spelast og det er moro å utforme ambisjonane og den musikalske trongen i meg, kan du seie.

Vil bane veg for andre

Som den fyrste i Norge med master i korpsdireksjon håpar han å bane vegen for andre som vil spesialisere seg i korps på NMH.

– Eg synst det er bra at dei lar oss få jobbe med det vi ønskjer å satse på. Eg vil jobbe med korps. Men også i Stavanger er det mange som har fokus på korps. Eg kjenner fleire som studerer ved Univsersitetet i Stavanger og også dei er med på å bane veg for korpsrørsla.

Dirigentuka viktig

Dirigentuka som skjer kvart år i Stavanger i august er ein viktig arena for korpsdirigentar. Også Edvin har delteke der.

– Ja, absolutt. Der fekk vi dirigere Stavanger Symfoniorkester (SSO) i mindre blåsebesetningar (Dei siste åra har heile orkesteret vore med, red.anm) og fekk prøve oss framfor proffe, seriøse musikarar. Der fekk eg møte mange ulike dirigentlærarar og skape meg eit nettverk. Det er viktig, synst eg.

Jobba med prosjekt

Masterstudenten har vore klarinettinstruktør for Vålerenga skoles musikkorps tidlegare, og ser for seg å jobbe som instruktør i korps når studiet er ferdig til sommaren. I studieperioden har han dirigert blant andre Oslofjord Brass og ulike andre korps på prosjektbasis. I kombinasjon med studiet har han også dirigert Vestre Aker Musikkorps.

Eksamenskonsert

Torsdag kveld 2. mars står han framfor Forsvarets Stabsmusikk og dirigerer blant anna «They are there» av Charles Ives og «Toccata» av Anders Koppel i Lindemannsalen på Norges Musikkhøgskole. Konserten er open for publikum.

Vi ønskjer lykke til og håpar øvinga framfor spegelen gir resultat.

Ifølge han sjølv gjekk eksamenskonserten veldig bra.

For fullstendig program sjå Forsvarets Musikk.