Når musikkorps.no ringer til Sigrun Skolte og GRATULERER blir det heilt stille nokre sekund. Men beskjeden fell i god jord når ho får summa seg.

– Det var ein gledeleg nyheit! Eg har ei dotter som spelte i Totenviken skolekorps. Då ho kom heim med lodda, kjøpte vi dei alle.

Sigrun Skolte. Foto: Privat

Sigrun Skolte. Foto: Privat

– Har du vanlegvis vinnarlykke?

– Nei, eg har berre vunne smågevinstar tidlegare. Eg vann ein liten gevinst på eit av skrapelodda og sende det inn. Det er vel det loddet eg no har vunne på, resonerer ho.

– Kvar vil du reise?

– Nei, så langt har eg ikkje tenkt, men eg skal no få brukt pengane på ei reise, svarar ho.

Dottera vart veldig blid då ho høyrde at dei hadde vunne i Jubileumslotteriet.

– Dessverre gav ho seg med korpset i sommar. Grunnkunnskapen på kornett har ho, så eg håpar ho begynner på igjen etter at strengen på tennene er tatt av, seier Sigrun.

Har sett mykje av verda

Per Morten Prestby er den andre vinnaren av gåvekort på 25.000 kroner. Det er mor som tar telefonen då vi ringer.

– Åhh, jaa, det er sonen min. Eg kjøpte lodd til han via ein kollega som har barn som spelar i korps. Så moro. Han reiser mykje. No blir han glad. Per Morten Prestby er superglad for gevinsten.

– Herregud, det er heilt utruleg. Eg elskar å reise. No får eg nesten reisefeber kjenner eg, svarer han.

Per Morten Prestby. Foto: Privat

Per Morten Prestby. Foto: Privat

Per Morten Prestby har reist ganske mykje. Han har vore på Sri Lanka, Singapore, Sør-Afrika, og fleire gongar til USA. No blir det kanskje ein tur til ein ny plass med nye opplevingar.

– Eg har lyst å dra på safari i Afrika.