Fyrste samling for dei som søkjer på dette studiet skjer i august, under Dirigentuka. Kjell Arvid Polsrød frå Porsgrunn er ein av deltakarane på Digitale dirigentstudier ved Universitetet i Stavanger.

Fekk hakeslepp

– Innføringa under Dirigentuka gav oss hakeslepp. Med innlevering kvar månad og mange arbeidsoppgåver utanom, stussa nokon av oss på kva vi hadde meldt oss på. Men eg synst Digitale dirigentstudier er eit heilt supert opplegg, med fagleg godt innhald, seier Polsrød.

Eg synst Digitale dirigentstudier er eit heilt supert opplegg

Studiet er ei fleksibel, prosjekt- og nettbasert tilleggsutdanning som vart oppretta i fjor. Studiet er eit 1-årig deltidsstudium og gir 30 studiepoeng. I mai skal dei fyrste studentane ha avsluttande eksamen.

Kjell Arvid Polsrød er ein av to dirigentar i Norsem pike- og guttekorps. Foto: npgk

Kjell Arvid Polsrød er ein av to dirigentar i Norsem pike- og guttekorps. Foto: npgk

Korpsdirigentar

Studiet er retta mot korpsdirigentar i heile Norge og Norden, og er både for skulekorps- og vaksenkorpsdirigentar. Den nettbaserte delen omfattar 10 foredrag med tilhøyrande oppgåver som er digitalisert og som blir gjennomført etter studenten sin eigen framdriftsplan. I tillegg får kvar student einetimar via videosamtale der studenten sin praksis med eige korps blir evaluert.

Einetimar via nette er gull

Det er ein føresetnad at søkjarane har tilgang til eit korps for å kunne gjennomføre studiet. Polsrød er dirigent for Norsem pike- og guttekorps og vaksenkorpset Bamble Musikkorps – som er hans øvingskorps.

Det er heilt fantastisk å få einetimar med læraren via nettet

– For meg som ikkje er utdanna dirigent, men driv med dette på fritida er det heilt fantastisk å få einetimar med læraren via nettet. Å få pedagogisk musikkopplæring og forstå musikkoppsettet er moro, og eg får lyst å lære endå meir. Å få meir fagleg utfordring er bra for meg og mange andre dirigentar, meiner Polsrød.

God kombinasjon

Dei faglege utfordringane kombinert med sosialt samvær gjer at dette er veldig moro.

– Ja, dei fleste av oss har gitt tilbakemelding om at vi godt kunne tenke oss fleire fysiske samlingar. Å kome saman og vere sosiale og dirigere og få endå meir rettleiing i faget er lærerikt.

Digitale dirigentstudier ved UiS, IMD

Lærarskryt

Han skryt av lærarane Trond Korsgård, Harald Eikaas og initiativtakar til studiet, Morten Wensberg.

– Lærarane som underviser digitalt er superflinke. Og Morten skulle ha fått æresmedalje for å ha starta dette studiet, skryt Polsrød.

Søknadsfrist 1. mars

No er det tid for nye å søke seg til studiet. Fristen er 1. mars. Polsrød er ikkje sein om å anbefale studiet til andre dirigentar.

– Ja, så absolutt! Eg angrar ikkje eit sekund på at eg begynte på dette. Det er slett ikkje vanskeleg å anbefale studie for alle som har eit snev av interesse for å dirigere.

Eg angrar ikkje eit sekund på at eg begynte på dette

Les meir om Digitale dirigentstudier på Universitetet i Stavanger sine nettsider.