– Det kjentes betre enn å vinne EM på heimebane på Lillehammer i 2013. Det var kjempebra, men dette var hakke betre. Å stå på pallen, er litt sånn, jøss, kva er det som skjer. Jentene fekk det ikkje med seg då dei vart ropt opp som nummer tre. Men då det gjekk opp for dei, sprang dei rundt og ropte og hylte. Det var mange følelsar i sving der og då. Og det har nok ikkje gått heilt opp for oss enno, seier Ida Kleiven Wågsholm.

Internasjonale medaljar

Troppen frå Spjelkavik Drill Klubb tel 12 jenter i alderen 13 – 18 år. Sidan dei fyrste gong debuterte internasjonalt i EM i Frankrike i 2012, har dei tatt med seg medalje heim. I 2013 vann dei gull på heimebane på Lillehammer og i fjor tok dei sølv i EM i Kroatia.

– Det var i Frankrike det begynte. Då skjønte vi at vi får det til, om vi vil. Fokuset er at vi må kjempe om alt. Både nasjonalt og internasjonalt, og aldri ta ein pallplass for gitt.

Spjelkavik Drill Klubb med Mathias Langseth Eliassen og Maya Kosmo

Spjelkavik Drill Klubb med president Lise Hagen Rebbestad, Mathias Langseth Eliassen og Maya Kosmo. Foto: Atle Ommundsen.

Trent mykje

Ingenting kjem gratis. For å oppnå resultat har dei trent mykje og lenge, i mange år,  og særleg framfor dette mesterskapet som er eit VM. Suksessen er å ha ei målsetning og vere den bevisst.

– Vi har utarbeidd ein 5-årsplan der målet er å oppnå gode resultat. Å vere med i EM har lært oss mykje og gitt oss nye erfaringar. Suksessen er å ha ei målsetning og vere den bevisst. I Spjelkavik har vi ein spesiell kultur i klubben, ein treningskultur der alle er innstilt på å nå målet. Vi har likevel plass til alle. Men det er klart når vi konkurrerer internasjonalt, får vi ein annan motivasjon, seier Kleiven Wågsholm.

Fyrsteplassen i Parade Corps gjekk til USA. Det var ikkje overraskande at dei tok gull sidan dei er ein stor drillnasjon, men Spjelkavik fekk 85 poeng frå ein av dommarane, ein poengsum som var lik med USA.

– Det gjer oss ekstra stolte og motiverte, seier Ida.

Dette set drillaktiviteten på Vestlandet på kartet.

NESTE VM TWIRLING SKAL ARRANGERES I NORGE! HER OVERREKKES FLAGGET TIL PRESIDENT I NBTA NORWAY, LISE HAGEN REBBESTAD

Neste VM Twirling skal arrangerast i Norge. Her blir flagget overrekt til president i NBTA Norway, Lise Hagen Rebbestad. Foto: Atle Ommundsen.

Gode supporterar

Også på tribuna var det full jubel då Norge tok 3 .plassen. Rundt 300 supporterar frå Norge heia fram laget med høge heiarop, flagg og kubjeller.

– Å få støtte og jubel frå resten av supporterane frå Norge var kjekt. Vi må aldri gløyme kvar vi starta. Dette set drillaktiviteten på Vestlandet på kartet. Det er til inspirasjon for troppane i vårt område, seier Wågsholm.

Vi er nok litt slitne. Det tar på å vere på reise.

Nye konkurransar

Framover våren er det oppkøyring til NM i Larvik som står på planen. Troppen av drillarar som skal dit tel fleire og dei har med yngre deltakarar. Men allereie til helga skal jentene ut i konkurranse igjen. Dei er også medlem av Norges Idrettsforbund og skal delta i NM i sportsdrill i Ålesund.

– Vi er nok litt slitne. Det tar på å vere på reise, trene, konkurrere, sitte på tribuna, oppleve mykje drill saman, men det er gøy, seier trenaren.

Holland kom på ein andreplass i Parade Corps.

Mathias tok 3. plass i drilldans

Mathias på pallen

Mathias på pallen. Foto: Atle Ommundsen.

Mathias Langseth Eliassen fekk 3. plass i Rhythmic twirl senior boys. Han er fornøgd med denne plasseringa, men etter kommentaren på hans FB-side, ikkje like godt fornøgd med 5. plass i 2 baton og 6. plass i 1 baton. Han skriv:

Etter hard konkurranse og noen mindre gode runder under VM sier jeg meg fornøyd med 3. plass i drilldans, 5. plass i 2 baton og 6. plass i 1 baton. Neste VM er på hjemmebane i Norge, så da skal det bli andre boller!  (VM Twirling skjer i Norge 2018)

Mathias er også fornøgd med delt 4. plass i senior duett med Susann Stave.

– Vi gjorde en god jobb og fekk ei veldig god plassering i ein svært hard konkurranse.

Maya Kosmo kom til VM-finale i juniorklassen i både Solo X Strut junior og Solo 1 Baton, medan Øydis Kind Refsum fekk finaleplass i Rhythmic twirl senior. Beste plassering blant jentene vart ein 5. plass til Maya Kosmo i Solo X Strut junior.

Dette er dei som kom til VM-finalen: May Kosmo, Mathias Langseth Eliassen og Øydis Kind Refsum. Foto: Atle Ommundsen.

Dette er dei som kom til VM-finalen: Maya Kosmo, Mathias Langseth Eliassen og Øydis Kind Refsum. Foto: Atle Ommundsen.

 

Det norske landslaget oppstilt

Heile det norske landslaget. Foto: Atle Ommundsen.

Her finn du fantastiske bilde frå drill-VM.

Artikkelen blir oppdatert snart med alle norske resultat.