NMF Nord-Norge har dei to siste åra vore drifta frå NMF sitt regionkontor i Trondheim. NMF Trøndelag har i denne perioden gjort ein flott og stor innsats, og mange positive, musikalske aktivitetar er i godt gjenge. Løysinga med slik organisering har vore midlertidig, og det har etter kvart vorte klart at oppgåvemengda har vorte noko stor. Det vil difor no verta arbeidd instenst med å få lagt grunnlaget for nyetablering av eige, fullverdig regionkontor for NMF Nord-Norge. Ei mellombels løysing er allereie på plass.

Frå før har vi utmerka musikkfagleg ressursperson i Nordland, Anne-Guri Frøystein, og det vert no etablert liknande ressurs i Troms og Finnmark. For Troms vert dette Nina Therese Bakke, som for tida også held på med innspurten av mastergraden sin i Tromsø. Nina kjem frå Brønnøysund og studerer for tida ved Universitetet i Tromsø.

I Finnmark vert den musikkfaglege rådgjevinga lagt til Hans Stapnes. Hans har lang fartstid og erfaring innan musikkfeltet, og kjenner musikkmiljøet generelt godt, og korpsmiljøet svært godt.

Primæroppgåver for både Nina og Hans vert å ta hand om drifta av NMF sine regionkorps og sommarkurs i dei respektive fylka. I tillegg til dette vert Hans også engasjert i ein deltidsstilling som dagleg leiar for NMF Nord-Norge.

I fyrste omgang gjeld desse engasjementa for 2015, samstundes med at det vert arbeidd breitt for å  sikra grunnlaget for langsiktig organisering av regionen. Generalsekretæren vår, Karl Ole Midtbø, kjem til å leggja fram sak for forbundsstyret i mars om nyetablering av regionkontoret, gjeldande frå 1. januar 2016. Denne saka vil også danna grunnlaget for budsjettet for NMF Nord-Norge som skal handsamast på regiontinget i april.

Kontaktinformasjon til medarbeidarane våre I NMF Nord-Norge vert frå i dag:

Dagleg leiar NMF Nord-Norge:
Hans Stapnes
Mobil: 901 96 101
E-post: hans@musikkorps.no

Ny postadresse NMF Nord-Norge:

NMF Nord-Norge
Postboks 184
9951 Vardø

Musikkonsulent og produsent for regionkorps og sommarkurs:

Finnmark:
Hans Stapnes
Mobil: 901 96 101
E-post: hans@musikkorps.no

Troms:
Nina Therese Bakke
Mobil: 480 30 273
E-post: nina@musikkorps.no

Nordland (som før):
Anne-Guri Frøystein
Mobil: 951 73 983
E-post: Anne-Guri@musikkorps.no